20. november 2008

Eg køyrer oppsamlingsheat

Eg har så lyst til å skrive eit fint innlegg her, men hovudet mitt er heilt tomt. Det er som om det ikkje skjer noko i livet mitt, eller eg ikkje har noko å tenke på. Det er berre tull, sjølvsagt. Eg tenker jo kontinuerleg på minst fem viktige ting og dei siste to døgera har Waffy Town surra og gått i hjernen min, når eg skal sove om kvelden, når eg vaknar om morgonen, når eg går til jobb, sjølv akkurat no som eg sit her og skriv ("Waffy Town. Waffy, Waffy Too-oown, Waffytown! Waffytoooo-oown"). Eg har også frykteleg mykje som skjer på dei fleste frontar.

Men ettersom eg meir eller mindre har bestemt meg for å begrense tematikken i bloggen til det eg les, skriv, det andre skriv (og eg altså les eller tenker på å lese, eller har høyrt dei lese) og ymse andre saker som har med litteratur, og til dels kunst og musikk å gjere, har eg rett og slett ikkje noko eg har lyst til å skrive.

Ikkje fordi eg ikkje les, ikkje skriv eller ikkje tenker på saker som har med litteratur å gjere, men... nja. Som i kveld, til dømes, skal eg på lansering av ei ny bok på Flamme. Ole Petter Arneberg sin debut MEPÅNO. Men det er jo endå meir morosamt å skrive om det etterpå enn før. Ja, og så las eg Tjuven av Rune Belsvik, og kunne godt ha skrive noko skikkeleg om den, men då må eg ha boka ved sida av meg for å sitere, og det har eg ikkje no. Og så synest eg det er så mange som har skrive om ho allereie, så eg veit ikkje om eg treng å gjere det. Kanskje kan eg heller oppsummere med å seie at det er ei fin bok, det er ikkje pornografi for barn, ho treng ikkje varseltrekant og ho handlar om langt fleire ting enn ungar som gnir seg mot kvarandre når dei leikar mor og far, nemleg om å byrje å vere eit sjølvstendig individ.

Og på skrivefronten er eg jo også i gang. Noko som ser ut til å bli ein historisk roman for vaksne, og noko som ser ut til å bli ein historisk roman for unge. I tillegg til litt dikt og slikt.

Og på lesefronten kjenner eg meg overvelda. På jobbfronten er eg overvelda. På den sosiale fronten er eg overvelda. Og når det gjeld kjærleiken... kva skal eg seie? Ikkje noko særleg, eigentleg, anna enn at eg også der kjenner meg overvelda.

Så overvelding er altså stikkordet. Eg er ganske overvelda for tida. Derav ei kjensle av at hovudet er tomt, fordi det eigentleg er altfor fullt. Nokon som kjenner seg igjen?

11 kommentarer:

Anonym sa...

Sitter her med Miles Davis på øret, en bitteliten dame som sparker meg i magen innenfra, en snarlig leveringsfrist på utkast til historiebokkapittel og to påbegynte romanmanus, og - ja - jeg kjenner meg igjen ...

Lille søster sa...

Ja, slik er det av og til! Gleder meg til å høre mer om skriveprosjektene dine - når du er klar for det.

Aina Basso sa...

Silje:
Kan tenke meg du kan kjenne deg igjen, då, ja. Og så ei lita jente i magen, då! Det må jo vere veldig spennande og fint. Lykke til med alt ditt!

Lille søster:
Det kan nok bli ei stund til eg røper noko om tematikken. Eg er no i ein prosess med det eine av manusa der eg skriv eit førsteutkast, som eg skal sende til redaktøren min. Så skal vi diskutere det. Men det kan hende eg kjem til å legge ut eit og anna tekstutdraget som ikkje avslører for mykje.

Lille søster sa...

Da har du jo kommet ganske langt allerede!

Anonym sa...

Eg tykkjer du skulle lagt ut fleire sjølvskrivne dikt. Eg er så nyfiken! Eg kjenner meg forresten godt igjen i den overvelda-greia. Hurra!

Aina Basso sa...

Lille søster:
Ja, eg har kome eit stykke på veg, iallfall. Har vel kome omlag 1/3 på veg med begge romanane.

Janne:
Eg gjer sikkert det sånn litt etter litt. Kjekt at du er nyfiken!

Anonym sa...

Veldig spennende og fint!
Gleder meg til å debutere som mamma, skjønt det var like uplanlagt som å begynne å skrive roman ...

Boka di venta på meg i postkassa i går. Tusen takk!

Aina Basso sa...

Det uplanlagte kan ofte vere det aller finaste, eller kva? Når har du termin? Koseleg nytt, altså! Både bok og beibi i same året?

Kjekt du har fått boka. Eg gler meg veldig til å lese di, men ho må vente på tur, dessverre. Kanskje eg skal spare henne til jul, ha noko å kose meg med i ferien!

Anonym sa...

Om ting går som de skal blir jeg ikke mamma før i februar. Så 2008 blir fremdeles bokåret, mens 2009 blir barneår :-)

Jeg har en del bøker jeg leser for tida jeg også, og for skams skyld bør jeg vel ihvertfall bli ferdig med én av dem før jeg begynner på en ny, men vi får se ... Gleder meg til å lese din jeg også!

Anonym sa...

Jeg vil veldig gjerne lese det du har å si om Tjuven altså.

Aina Basso sa...

Det er jo supert, Silje! No skjer verkeleg alt godt på ein gong i livet ditt! Hurra for det!

Elin:
Kjekt at du vil det, eg får sjå om eg blir inspirert i løpet av helga!