19. november 2008

Julian, you´re a beauty

Han sat med ryggen til, ved eit svart piano, med ei kvit skjorte og ei svart bukse. Eg følgde fingrane hans over tangentane. Eg tenkte at det høyrtest meir avansert ut enn det var. Eg kunne nok ha spelt det.

Han song dei fine melodiane sine og trikken rumla forbi vindauga. Det hang bilete av kjente jazzartistar på veggane. Jan Eggum stod like bak meg. Folk gav varm applaus mellom låtane. Eg prøvde å følgje med på tekstane. Dei fine tekstane hans, særleg frå plata Waffy Town.

Waffy Town, you´re a beauty
all your cars are shining bright
all your houses painted yellow, blue and white

Det var ein god kveld. Ein god kveld med Julian Berntzen, mi kjære Mariann og Herr Nilsen.

Ingen kommentarer: