24. november 2008

Du les

Du les dikt og dei treffer deg sterkast når det slår deg at det er nokon som har tenkt dette, som har følt dette, som har sett dette. Dette dei viser fram, dette dei viser deg, dette dei har plukka ned, omgjort til ord på papiret, med mellomrom, linjeskift, akkurat det ordet, akkurat den setninga, akkurat den opplevinga, stemninga.
Det er ikkje berre oppdikta. Det er ekte. Det er opplevd.

Dikta treffer deg sterkare fordi dei er sterkare.
Det er lettare å bli glad i poesi enn i prosa. Det er lettare å bli glad i ein poet enn i andre forfattarar. Det er berre sånn.
Du veit det er sant.

1 kommentar:

Jørn Roeim sa...

Hm, tja ... jo, du har rett. Det er sånn det er.