25. november 2008

Det er ei lefse med kjøtdeig, o.a.*

Innlesinga er overstått.

Då eg gjekk gjennom Slottsparken mot studioet nedst i Uranienborgveien, og kjente meg lykkeleg ved synet av ein vinterettermiddag med gule vindauge, solnedgang, svarte siluettar, tenkte eg at ein ikkje kan vere alvorleg ulykkeleg viss ein kan bli lykkeleg berre ved å sjå ein vakker solnedgang i november. Så då er jo det greitt.

Studioet låg i ein bakgard i ein kjellar, eg blei godt motteken av lydteknikaren, og ti minutt seinare var eg ferdig. Det blei bra. Eg gler meg til å høyre resten av gjengen.

* For dei tregare lesarane: "It´s a Wrap."

3 kommentarer:

*** sa...

hei ainasøt,
det ble lange framlegg om det å skrive, om å bruke ting man hører, ser, lar være viktig for seg, og ikke minst om å være restriktiv mht til nett mens man skriver,
kort sagt; det ble Litteratur på Blå til de sene timer i kveld. jeg kom meg aldri til Soria.
håper at dere koste dere med øl og kanskje kjøttdeig i lefse som nattmat etterpå!

Anonym sa...

Du er ikkje grunnleggande ulukkeleg om du finn glede i ei solrenning, ja.

Om du kan skildre denne gleda, og gi ho vidare til andre, er du ikkje berre glad, men ei kilde til glede.

:)

Aina Basso sa...

Mette:
Ja, eg skjønte det blei seint! Eg og Hilde var ikkje i lyttemodus i går, men tvert imot i skravlemodus. Så då gjorde vi det. Hehe. Vi får ta det igjen! Og eg og du kan jo ta ein tur på Trikkestallen når som helst!

Tomas:
Det var fint skrive. Takk for det. No blei eg varm om hjartet.