21. september 2008

Solstad & Askildsen

Takvindauget, nei lysekrona, på Hovudscena
Søndagen blei tilbrakt i Operaen, på Bokklubbens bokfest.
Eg styrte unna dei mest kommerse programpostane, og valde å få med meg Poesifesten, og opplesingar av m.a. Dag Solstad og Kjell Askildsen.

Det første arrange-mentet vi deltok på var Poesifest, der vi fekk høyre Geir Gulliksen, Tone Hødnebø, Øyvind Rimbereid og Triztan Vindtorn lese eigne dikt, og ålesundaren Nils-Øivind Haagensen, også kjend frå det nyoppstarta Flamme forlag, lese eigen-omsett beat-poesi av Jack Kerouac.

Igjen fekk eg denne kjensla av at moderne, norsk lyrikk - iallfall den eg er blitt presentert for på opplesingar i det siste - liknar altfor mykje på kvarandre. Det grip meg ikkje, fengar ikkje. Eg skulle langt heller høyrt Haagensen (biletet) lese eigne dikt enn omsett Kerouac, sjølv om det var ei fin og morosam opplesing. Særleg der han braut ut i latterkrampe ved ei kanskje litt pussig formulering i diktet.

Etterpå var det opplesingar frå fleire av Noregs store roman-forfattarar: Jostein Gaarder, Herbjørg Wassmo, Selma Lønning Aarø og Dag Solstad (biletet).

Medan dei to førstnemnde var heller uinteressante etter mitt skjønn, overraska Selma Lønning Aarø med svært morosame utdrag frå den sjølvbiografiske boka En rekke avbrutte forsøk, som eg heilt klart skal lese snarast. Yttarst morosamt om barndom og ungdomstid frå ein forfattar med potensielt selektiv hugs og ei mor som stadig blandar seg inn og nektar for at det forfattaren skriv om eigen oppvekst er sant.

Dag Solstad las fotnote nr. 27 frå Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman, og var sjarmerande distré og tørrvittig, som vanleg. Kven andre enn Solstad kan kome unna med å ramse opp titlane på Aschehougs verdshistorie i seksten bind?

Vi avslutta dagen med Ordets makt på Hovudscena, der m.a. Odvar Nordlie og Kåre Willoch diskuterte aktuelle tema, Ketil Bjørnstad m.fl. spelte "Sommernatt ved fjorden" og Kjell Askildsen (biletet) las fleire noveller frå Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten, på sin uforliknelege og fantastiske måte.

Ein flott og innhaldsrik dag. Og som eg sa til min venn: No har eg oppnådd to av livsmåla mine: Eg har høyrt Dag Solstad og Kjell Askildsen lese, og eg har klart begge delar på same dag.

3 kommentarer:

Lille søster sa...

Morsomt å få et lite referat fra arrangementet! Solstad og Askildsen er jo uforglemmelige, også live.

Ida sa...

Var å hang på operan i dag eg også. Mykje forskjellig som var der og eg holdt meg unna dei mest kommerse eg også. Ein får som regel nok av enkelte gjennom media. Kjekt å sjå/høyre nokon som ein ikkje har eit så godt kjennskap til. Smart som eg er gløymer eg alltid å ta med med kameraet når, så det var kjekt å sjå at nokon andre hadde hugsa det. :)

Aina Basso sa...

Lille søster:
Ja, det var flott å sjå og ikkje minst høyre dei! Gjorde dagen min! Kanskje endåtil veka. Og Nils-Øyvind Haagensen er jo også flott. Eg må få med meg neste gong han les noko eige. Har lese fleire bøker av han, mykje er bra.

Ida Lovise:
Kva fekk du med deg då? Og kva var høgdepunktet? Ja, eg fekk med meg kamera, men fekk ikkje så veldig gode bilete, dessverre. Men kjekt likevel!