
Dei fleste har høyrt om Umberto Eco og Rosens navn, og eg vil tru det er heva over ein kvar tvil at det Eco skriv er av høg litterær kvalitet. No er der også andre som skriv historiske mordmysterium, og blant desse er min personlege favoritt Iain Pears.
Iain Pears er ein engelsk kunsthistorikar, journalist og forfattar viss litterære produksjon kan delast inn i to kategoriar:
The Jonathan Argyll- mysteries og dei historiske (kriminal)romanane.
Sjølv har eg lese 7 av bøkene hans, hittil utan å bli skuffa innan nokon av kategoriane. Bøkene om den vimsete, britiske kunsthistorikaren Jonathan Argyll, som saman med si italienske detektivkone Flavia hamnar opp i spennande kunsttjuveri (oftast med eit mord som konsekvens) er underhaldande skildringar av Roma og andre delar av Italia, med interessante innblikk i kunstverda. For dei som har lese Dan Brown vil dette verke kjent. Det einaste eg kan seie om den saka, er at Iain Pears sine bøker kom ut før Dan Brown fekk sitt gjennombrot, og at Pears´ bøker har ein langt større kvalitet på alle frontar.
Hovudverket til Pears er den historiske kriminalromanen Et skilt ved korsveien, der handlinga er langt til universitetsmiljøet i Oxford på 1600-talet. Mysteriet vert framlagt i fire fortellingar ført i pennen av fire ulike personar, alle med forskjellige versjonar av hendingane og med ulike teoriar om kven mordaren er. Bak boka ligg omfattande historisk gransking, og plottet er tilnærma genialt. I tillegg til denne romanen har Pears skrive den historiske romanen Scipios drøm,

hovudpersonar i tre ulike historiske periodar, Manlius Hippomanes på 400-talet, Olivier de Noyen på 1300-talet og Julien Barneuve på 1940-talet. Hovudpersonane bur alle i det same geografiske området, Provence, og historiene deira tvinnast inn i kvarandre gjennom århundra. Det er anti-semittisme og sivilisasjonens redning eller undergang som er tema. Begge desse romanane er blitt gjennomdiskuterte og dissekerte i V.I.P.-klubben, og har lagt grunnlaget for namnet Vennar av Iain Pears.
I tillegg til Iain Pears og Umberto Eco vil eg nemne Kurt Aust, som med sine bøker om Thomas av Boueberge og Petter Hortten, har skrive nokre riktig gode historiske kriminalromanar frå Danmark-Norge på 1700-talet.
Det treng altså ikkje å anten vere krim eller god litteratur. Dei ovannemnte forfattarane har blant mange andre vist at det er muleg å kombinere begge.