1. mai 2022

Dei dødsdømde



No er det ikkje lenge før den nye sakprosaboka mi for ungdom, Dei dødsdømde. Dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet, er å finne i bokhandelen. 

Prosessen med boka har teke mykje lengre tid enn eg trudde. Først fordi eg hadde andre bokprosjekt eg måtte gjere ferdig før eg kunne eigne meg for fullt til denne boka - bokprosjekt som også viste seg å ta lengre tid enn eg hadde venta. Deretter blei eg gravid og hadde foreldrepermisjon, før eg gjorde ferdig det som blei den førre romanen min, Ungen - og så var eg omsider klar for å eigne meg til sakprosaprosjektet for fullt. 

Det skulle likevel ta lang tid å få ferdig ei bok. Først dukka det opp uventa kapasitetsproblem i redaksjonen i forlaget, så krasja harddisken min - utan at eg hadde vore klok nok til å ta backup av alt eg hadde skrive (eg har no lært på den kjipe måten) - og så var det å finne forma og grepet eg skulle ta for å få stoffet til å fungere for ein ung lesar. Det blei nokre rundar med ulike forsøk på strukturering, att og fram, ulike konsulentar som skulle lese; ein barne- og ungdomsbokredaktør, ein fagkonsulent, min vanlege redaktør og så endå ein redaktør til slutt. 

Til slutt skulle boka få illustrasjonar og formgjeving. Heldigvis fekk vi to dyktige personar med på laget: illustratør Kristian Krohg-Sørensen, som har laga omslaget og fantastiske vignettar til kapitla i boka, og designer Laila Mjøs, som alltid veit å løfte det visuelle uttrykket til ei bok. 

No gler meg enormt til å få boka i hende om ei veke eller to, og til å kunne byrje reise rundt for å snakke om den. Det første arrangementet blir eit bokbad leia av Nik Brandal under Festspela i Ivar Aasen-tunet i Ørsta den 11. juni, der eg skal få vere festspeldiktar i år - noko eg gler meg veldig til. Det blir mykje fint på programmet, både av litteratur og musikk. Ta gjerne ein kik på det HER, viss du er interessert i å kome og høyre på (det blir lagt ut fleire arrangement fortløpande).  

Ingen kommentarer: