29. april 2022

Samlagsprisen

Foto: Oda Berby
På tysdag var eg så heldig å bli tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen min, under årsmøtet til Samlaget. Prisen er på 50 000 kroner, noko som sjølvsagt er veldig kjekt - men det eg sette aller mest pris på, var den fine grunngjevinga til prisjuryen, som gjorde at eg både kjende meg sett og verdsett for arbeidet mitt. 

Eg legg ut grunngjevinga her, for dei som vil lese, sidan det som er publisert i pressemeldinga berre er nokre korte utdrag. Eg set særleg pris på at juryen ikkje berre har lagt vekt på det historiske, faglege arbeidet eg gjer med bøkene mine, men også har sett at eg arbeider mykje med språket. For meg er språkarbeidet vel så viktig som det eg gjer på innhaldssida. 

Eg takkar igjen for denne pristildelinga, og tek vare på orda frå juryen til tunge stunder på skrivestova. Eg kan elles love at den neste boka mi ikkje blir ein samtids- eller framtidsroman, men at eg i staden går 800 år tilbake i tid, til eit samfunn lenger tilbake enn eg har skrive bøker om tidlegare.

Her er grunngjevinga frå prisjuryen:

Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skrive historiske romaner frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia. Ho hentar fram perspektivet til dei som blir offer for hekseprosessar, eller ho viser fram omstreifarlivet til reisande, og presset som fabrikkarbeidarar levde under. Dei ho skildrar, opplever naud og eit krevjande liv, der ei uvisse pregar framtidsutsiktene. I dei historiske romanane går ho tett på liva deira, der verda brått kan snu seg mot dei.

Nerven i historiene til Basso ligg i at ein som lesar veit at det sjeldan går godt med dei som var nedst på rangstigen i samfunnsordenen. I dei historiske romanane kombinerer ho eit stødig handverk der eit historisk levesett blir skrive fram utan overtydeleg detaljar, med eit sanseleg språk som kan bryte over i draumesekvensar, forvirring og tvil. Menneska i fortida blir like mykje menneske som menneska i samtida, og unge kvinner og det reisande folket blir hovudpersonar i si eiga historie.

Romanifolket, som ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg, har levd på vegen i mange år. Konflikten mellom dei reisande og buroen, mellom omstreifaren og bonden, finst i songar som «Burobengen», i romanar som Arne Garborgs Fred, i noveller som Hans E. Kincks «Felen i vilde skogen». Konflikten er også emne for Bassos litterære utforsking. Kva skjer når Maria hamnar bak lås og slå, nedst i hierarkiet på tukthuset? Kva utvegar finst? Kva skjer når Hanna prøver å gøyme seg unna på Finnskogen? Det er ein konflikt mellom det frie og gode livet på vegen, under open himmel, og det avgrensande og undertrykkande. 

Medan samtidslitteraturen elles ofte fokuserer på nære relasjonar med aktuelle kvardagsproblem, set romanane til Basso slike problematikkar i perspektiv. Her er ei tidsdjupne som viser kor kort tid det var sidan ein i Noreg systematisk undertrykka kvinner. Her speglar ein samfunnet sitt forhald til minoritetar. Her viser ein kva konsekvensen av undertrykking er. At ho skriv om minoritetar er eit særkjenne ved forfattarskapen hennar som mange lesarar set pris på. Skildringane gir eigarskap til historia og minner om kva som framleis står på spel. Her er familiedramaet større enn ei utfordrande skilsmisse. I romanane hennar, med tukthus og spedbarnsdød, er kontrastane store til det trass alt trygge og skjerma livet i samtidslitteraturen. 

I tillegg til å vera nøye på å gi historia personlegdom, er Basso kjend for å arbeide grundig med teksten heilt ned på setningsnivå. Ho skriv eit levande og moderne nynorsk, og er slik sett ein del av den nye nynorske bølgja som mellom anna Kjartan Fløgstad har trekt fram. Aina Basso har gjennom forfattarskapen sin gjort ein viktig innsats også for det nynorske språket.  

I forfattarskapen har Basso nærma seg samtida. I debutromanen Ingen må vite er året 1734. I Inn i elden er året 1620. I Finne ly er året 1849. I den hittil siste romanen, Ungen, der spedbarnspass blir forsøkt som ein veg ut av det fattigslege livet som hardtarbeidande kvinne i storbyen på slutten av 1800-talet, er ho nesten over i 1900-talet. Vi håpar ikkje denne utviklinga til slutt vil ende i at Basso skriv samtidsromanar, men at ho vil halde fast ved det særpreget som juryen har vedsett ved romanane hennar. Heldigvis vitnar novella «Heim» frå novellantologien til Samlaget frå i fjor om at ho i staden går den andre vegen, endå lenger bakover, ved å utvide seksordsnovellene som finst på runepinner frå mellomalderen til fullverdige historier. Historia har mykje å by på, og Basso klarer å vise korleis fragment frå historia ber i seg dagsaktuelle forteljingar.

Juryen ser fram til å følgje forfattarskapen vidare, og det er med glede vi deler ut Samlagsprisen for 2021 til Aina Basso.

Ingen kommentarer: