4. mai 2017

To gode novelledebutar

Jan Kristoffer Dale blei i vår tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris under årsmøtet til Den Norske Forfatterforening (DnF) for novellesamlinga Arbeidsnever. Prisen skal tildelast årets beste debutant - som helst skal vere under 35 år.

Novellene krinsar inn liva til folk frå arbeidarklassen i Froland, slike som har falle utanfor, blitt forlatne eller ikkje kome seg vidare.
Nokre slit helsa på fabrikken, somme har mista arbeidet, partnaren, trua på livet eller framtida, andre lengtar etter noko meir, anten det er kjærleik eller ei ny retning i livet, men vågar dei å ta spranget?
Eg var på årsmøtet i DnF då Dale fekk debutantprisen og høyrde han lese frå boka. Den sympatiske, stillfarne framtoninga hans står til novellene han skriv, som opplevast som varme, empatiske og såre.

Ein annan novelledebutant frå 2016 er forlagsredaktør og kritikar Therese Tungen, som har gitt ut den sterke samlinga Ein gong var dei ulvar, som har hausta mykje god kritikk.
Dei få og ganske lange novellene står kvar for seg og tek opp svært ulike tema, men også her er utanforskap og einsemd tema som går att i fleire av novellene, anten ein har sett seg utanfor meir eller mindre med vilje, som Tor i Flaumen, ein kjenner seg halden utanfor, som ungjenta Ingrid i Seksten eller må halde seg vekke frå andre i redsle for å bli avslørt, som dei forlatne borna i Ungane.
Somme av novellene finn stad i Gudbrandsdalen, der forfattaren sjølv har opphavet sitt, og nokre synast å ta for seg tema ho sjølv må ha kjennskap til for å kunne skrive så godt om det, dette gjeld særleg Det går bra med dei aller fleste, om geitebonden Anna; min favoritt i samlinga.

Eg har stor tru på at vi vil høyre meir frå desse forfattarane i åra som kjem. Anbefalast!

Ingen kommentarer: