24. januar 2017

Plukke bær på Ullhovudmyra

Skallelv - Kallijoki i Finnmark. Foto: privat
Som eg har fortald fleire gonger før, kom forfedrane mine på farssida opphavleg frå Finland og innvandra til Noreg og Finnmark på slutten av 1800-talet.

Sjølv har eg ikkje vore særleg i Finnmark før eg blei vaksen, men eg har fått ein stor kjærleik til det nordlege landskapet og menneska der oppe, så då eg i haust blei spurd om å skrive ei tilråding til tidsskriftet Syn og segn om eit valfritt emne, landa eg fort på nettopp Finnmark.

Det blei ein personleg tekst, om mitt Finnmark og mi familiehistorie, men også ei kjærleikserklæring til naturen og lyset og alt som lever i nord, og til nokre bøker som kanskje har treft meg særleg godt fordi dei nettopp har skildra landskap og miljø, som eg altfor sjeldan får lese om i skjønnlitteraturen.

Teksten er no lagt ut på Morgenbladetportalen for alle som vil lese. Her er byrjinga:

«Det var vinter då Basson-Heikka kom gåande på ski frå Ii øvst i Bottenvika og nordover. Han gjekk om nettene og fekk låne dei varme sengene til folk om dagane, medan dei arbeidde.

Frå tid til anna fekk han skyss av samar med rein og slede eit stykke av vegen. Og omsider kryssa han norskegrensa, tok seg over Varangerfjorden og enda i Nyhavn, eit steinkast frå bygda Skallelv i Finnmark, midt mellom Vardø og Vadsø. Då han hadde funne ein stad å slå seg til, snudde han og fór tilbake for å hente ho han var trulova med, Margrethe Marie. Desse to skulle bli mine oldeforeldre.»

Ingen kommentarer: