24. november 2015

Les Pépites à Paris

I kveld blir Les Pépites-prisane delte ut i Paris, på Cirque Electrique, og eg skulle ha vore der, for Inn i elden (De la part du diable) er nominert i kategorien beste ungdomsroman og har 1/5 sjans for å vinne.

Men det er eg ikkje. Eg er heime i ein disig og såpeglatt by, det underkjølte regnet fell og eg drøymer til det Paris eg har vore i før, som eg vil reise til igjen, når alt er over for denne gong, når verda igjen verkar trygg, dei væpna soldatane er vekke frå gatene og sløret av sorg har letta over byen.

Tankane mine har gått til Paris den siste veka, og tankane vil gå til Paris i kveld, om enn på ein litt hyggelegare måte.

Til eg får reise dit igjen, mimrar eg med teksten eg skreiv etter eg var der sist, hausten 2011. Det Paris vi alle elskar: 

«PARIS MON COEUR»

Det er dette eg hugsar best: den grøne benken i Tuileries-hagane, under visnande lauv. Ein grønleg dam framom meg, eit blomsterflor i raudt og gult. Fuglar som flyg inn og ut av buskaset, som får greinene over benken til å vippe. Å sitje på benken, lese ein fransk roman i Paris. Dei låge lydane frå uterestauranten med runde bord under parasollar, kelnerar med brett i hendene.

Menneska som sit overalt, forretningsfolk som et lunsj i hagane. Ei eldre kvinne som les på ein stol i skuggen, med beina kvilande på ein annan. Alle menneska ved fontenene. Parisarar og turistar. Sola som brenn mot den svarte strømpebuksa. Skuggen under trea, kjølig om ein sit for lenge. September i Paris, ein siste rest av sommar, i gryande haust.

Dei kvite marmortrappene på Sacre Coeur, den vakre kyrkja på Montmartre, som eg brått såg opplyst av ettermiddagssol frå brua mellom Eiffeltårnet og Trocadero. Kvit, kald marmortrapp, sol og vid utsikt over byen. Den snikande lukta av noko menneske eller dyr har etterlate seg. Overalt i Paris: lukta av urin bak tilsynelatande reine overflater.

Å gå langs Seinen, kike i dei små bok- og plakatbuene som står på rekke og rad langs venstre breidd. Notre Dame på andre sida av elva, så Louvre der den mystiske Mona Lisa heng innesperra bak skotsikkert glas med ein flokk japanarar tett innpå. Å gå langs Seinen, forbi restaurantbåtane. Sjå det grumsete elvevatnet, kjenne brusteinen duve, så klyve opp ei trapp og gå opp på ei av bruene. Stå der og sjå til alle retningar, tenke, så velje, gå vidare.

Vakkert overalt. Sitje på ein fortausrestaurant og sjå på dei som går forbi, dei som stumpar røyken ved kinoplakaten før dei spring ned trappene til metroen. Få ein quiche med salat og eit glas raudvin. Irritere seg smått over ungdomsgjengen på nabobordet, som flirer så høgt heile tida, som drikk café au lait og cola, gutane som prøver å imponere.

Paris igjen, etter ti år. Hit kom vi ein tidleg morgon med nattoget frå Amsterdam. Eg hugsar dei lange, underjordiske gangane mellom togstasjonen og metroen. Hugsar lukta av urin der nede. Hugsar Champs-Élysées ein søndag morgon før klokka ni. Sval julimorgon, medbrakt frukost på ein benk og ein einsleg joggar som prusta forbi.

Hotellet i 10. arondissement. Drive av eit eldre ektepar som krangla inn i nettene, hotellgjestane som hysja iltert ut gjennom dei opne vindauga. Eit rom preservert frå syttitalet. Blomstra tapet i gammalrosa, med matchande sengeteppe i velur. Utsikt frå vindauget over parisiske hustak. Eg elska byen med det same. Eg har lengta etter å kome tilbake.

Eg oppsøker den engelske bokhandelen Shakespeare and Company, rett over elva for Notre Dame. Trong, gammal bokhandel, bøker frå golv til tak. Poet’s Corner og ei trapp til andre etasje med bibliotek, leserom, eit piano. Berre å setje seg ned, berre å lese, å spele, føle seg som heime.

Eg søv godt i dei franske nettene, med lydane frå franske bilar og samtalar utanfor. Den siste natta får eg fem myggstikk av ein fransk mygg. Stikka hovnar opp og eg må ta allergimedisin når eg kjem heim. Aldri har eg vore så glad for myggstikk, som desse. For eg har vore tilbake. Paris, mon coeur, endeleg fekk eg møte deg igjen.

Spalte i Nationen, laurdag 30. september 2011

Ingen kommentarer: