9. juni 2015

Hus og hjem

Så er eg på Helle Helle-galeien igjen. Eg har vore det før, i 2013 las eg fire av bøkene hennar på relativt kort tid; Forestillingen om et ukomplisert liv med en mann, Ned til hundene, Rødby-Puttgarten og Dette burde skrives i nåtid - som eg nettopp har lese om att, berre på dansk, fordi lesesirkelen skal diskutere boka no i juni. Ho var faktisk endå betre då eg las henne andre gong, eg lurer på om det er litt slik med Helle Helle.

Eg har også lese den nyaste romanen hennar, Hvis det er, no i vår, og held for augeblinken på med hennar aller første roman, Hus og hjem frå 1999 - ei bok eg liker utruleg godt. Så langt er det nok den og Forestillingen om et ukomplisert liv med en mann som har treft meg sterkast, sistnemnde kanskje dels også på grunn av den fantastiske tittelen, men når det er sagt liker eg alle bøkene hennar, dei er gode å vere i og gode å lese.

Andre forfattarar eg har det same slukeaktige forholdet til er ikkje mange, men Helle Helles norske omsetjar Trude Marstein er ei av dei. Eg gler meg alltid til ho kjem med ny bok, og når det går nokre år mellom kvar, må eg lese opp att dei gamle.

Kanskje treffer Hus og hjem ekstra godt nett på dette tidspunktet i livet, då eg i likskap med Anne i boka akkurat har flytta og lever eit liv mellom uoppakka flyttekasser og nysamanskrudde IKEA-møblar.

Men noko fint med flyttinga, er at eg kan skrive dette frå mitt nye kontor, det første vesle kontoret eg har hatt i mi tid som forfattar. Eg kjem nok framleis til å skrive både ved kjøkenbordet og i sofakroken, men det er no godt å ha sitt eige rom. Med skrivepult og skrivar og ei bokhylle som berre er mi. Og no som eg har vore så heldig å få stipend frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening for å skrive sakprosa for barn og unge, kan det kome godt med å ha ein stad der arbeidet kan få ligge framme. Både det faglitterære og det skjønnlitterære.

Ingen kommentarer: