3. november 2013

Illusjonen om det stille

Eg og Nils-Øivind Haagensen, som var nominert til Nordisk Råds litteraturpris.


I slutten av februar skreiv eg eit innlegg her på bloggen om at eg såg slik fram til at dette året, 2013, skulle bli så stille og roleg, eit pauseår bak skrivebordet.

Vel, no blei det jo ikkje akkurat slik. Berre dagar etter at eg skreiv innlegget, kom nominasjonen til Kulturdepartementets litteraturpris, som i og for seg ikkje skapte noko veldig oppstyr, anna enn inne i meg. Men så kom nominasjonen til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris i mai, og etter det har det ikkje vore mykje roleg, verken inni eller utanfor. Den tida eg har hatt til meir eller mindre uavbroten skriving sidan mai har vore hardt tilkjempa, men no som eg ikkje vann prisen, ser eg igjen fram mot rolegare tider, berre nokre få oppdrag i november og den vanlege førjulsaktiviteten, så blir det nok av kvardagar å kvile i.

Det er rart med det. Sjølv om det ikkje finst noko betre for ei bok eller eit forfattarskap enn å bli nominert til (eller sjølvsagt endå betre: bli tildelt) store prisar, følgjer det ein del med slikt, som ein kanskje ikkje ønskjer seg. Ein ting er at det blir meir virak, med intervju og førespurnader om å vere med på eller gjere forskjellig, alt veldig smigrande, sjølv om ein ikkje kan seie ja til alt. Ein annan er prestasjonsangsten som følgjer, mangelen på ro til å arbeide, og vissleiken om at ein ikkje akkurat er ein bauta av indre ro i tida før det store skal bli avgjort.

Utan samanlikning elles, kan eg godt skjøne letnaden Jon Fosse følte då han ikkje fekk Nobelprisen i litteratur i haust. «Det er så mykje styr og spetakkel,» sa han til Aftenposten. Og han er jo berre 54 år, det er tidleg å få den største prisen ein kan få, sjølv om det er ei enorm ære og mykje pengar. Han har jo mange fleire bøker i seg, må ein håpe og tru. Og faren med å få Nobelprisen, er kanskje at det ikkje kjem så mange fleire bøker etterpå?

For min eigen, meir beskjedne del, som framleis ganske fersk forfattar, tenker eg det er bra å ha noko å strekke seg etter og fint å ikkje få alt opp i hendene med det same. Så kan ein kanskje skrive meir og betre, bli tryggare i seg sjølv og sitt eige forfattarskap, og håpe at ein i framtida ein gong vil klare å skrive så godt at ein ikkje berre blir nominert, men endåtil vinn den gjæve prisen - og at det når tida er inne vil kjennest meir godt enn stressande å bli tildelt ei slik stor ære.

Med det sagt vil eg seie at eg gler meg til å lese den finske vinnaren av Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris når boka kjem ut på eit språk eg beherskar: ungdomsromanen Karikko av Seita Vuorela og Jani Ikonen (ill.). Vinnaren av den andre litteraturprisen, Profetene i Evighetsfjorden av norsk-danske Kim Leine, har eg allereie lese, likt og meldt for Bokmagasinet til Klassekampen. Eg synest det er flott at ein god historisk roman når opp, og gratulerer Kim Leine så mykje med sigeren.

Biletet er teke av Sunnmørsposten, etter utdelinga i Operaen den 30. oktober.

2 kommentarer:

Tine sa...

Gratulerer med nominasjonen! Det er ingen liten sak å bli nominert til den første prisen i denne kategorien. Det fikk i alle fall meg til å lese boken din, og jeg likte den veldig godt. Selv om jeg så godt som aldri leser på nynorsk, gikk dette helt fint. Du er en god ambassadør for nynorsken, og jeg skal lese flere av bøkene dine. Nå kan du nyte førjulstiden litt mer enn hvis du hadde vunnet prisen :)

Aina Basso sa...

Tusen takk for det, det var hyggeleg å høyre.