10. september 2013

Beina til Bo

Eg les ganske mykje i løpet av eit år. Noko av det eg les, les eg for å lære, noko for å orientere meg i samtidslitteraturen eller klassikarane, noko les eg for avkoplinga sin del, eller for rein underhaldning, og noko les eg fordi eg av ein eller annan grunn må.

Det meste av det eg les, kan nok klassifiserast inn i kategorien skjønnlitteratur for vaksne, men fordi eg skriv for ungdom sjølv, kjenner mange som skriv for barn eller ungdom og er interessert i å orientere meg i barne- og ungdomslitteraturen, les eg også ein del barne- og ungdomsbøker; biletbøker, diktbøker, romanar og novellesamlingar. Og det er veldig mykje bra der ute.

Den førre ungdomsboka eg las, var den andre boka til ålesundaren Sunniva Relling Berg, Beina i gitaren. Sunniva Relling Berg blei nominert til Brageprisen for debutboka si Utfor, noko som er ei bragd i seg sjølv, og ho gir ut bøkene sine på det same forlaget som meg, Samlaget.

Beina i gitaren handlar om den relativt mistilpassa, upopulære og sære 17 år gamle jenta Bo, og eit år i livet hennar, som handlar om venskap, kjærleik, tru og mistru, svik, usikkerheit og sorg. Det er mykje mørker i boka, og eg tenkte først at dette var ei veldig usympatisk jente å ha som hovudperson, og kanskje er ho litt usympatisk, men ho er etter kvart sympatisk, også, ho har det berre ikkje heilt bra og tør ikkje heilt å stole på det positive andre seier til henne.

Språket i boka er godt, rytmisk, det er rett fram og rett på, men med poetiske innslag, stundom nokre heilt utruleg treffande skildringar som går rett inn i kroppen.

Det er også eit godt driv i boka, og utan å røpe kva som hender, kan eg seie at eg fekk ei stadig sterkare svie i magen ettersom slutten nærma seg, og då eg klappa boka saman, hadde eg lyst til å banke opp fleire av karakterane, inkludert hovudpersonen sjølv.

Beina i gitaren er ei god ungdomsbok og eg ser fram til fleire bøker av Sunniva Relling Berg, anten dei blir for ungdom eller ikkje.

3 kommentarer:

aariho sa...

Dette verkar som ei god bok. Fekk lyst til å lese ho etter di beskriving. Takk for fint tips! (Fint å lese "lokale" forfattarar også!)

Aina Basso sa...

Ja, det er veldig fint, og Sunniva er ei sterk, ung stemme, også. Eg spår godt for framtida hennar om ho fortset å skrive.

Tine sa...

Kom akkurat over din blogg for første gang, og det minutter etter jeg har lest ferdig "Inn i elden".
For en fantastisk bok du har skrevet! Omtalen min kommer i morgen :)