2. desember 2012

Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld

I haust hadde eg og Mona Vetrhus opplesing same kvelden, under Kapittel-festivalen i Stavanger. Det ho las var så sterkt og trist at tårene kom hos fleire av oss som var der. For nokre dagar sidan fekk eg overraskande tilsendt den nye diktsamlinga hennar i posten, Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld, som er hennar debut som forfattar. Her er nokre dikt frå samlinga.


grålysning over bakkane
hjorten nappar i frose gras
ser opp
ein bil treffer den islagte fjorden
hjorten et vidare

nede under isflaka
verkar ikkje dei elektriske vindauga


---


eg drøymer om fjorden
bilen med gutar frå dalen søkk ned
under vatnet sit dei og stirer
ein av dei sparkar i døra
havet utanfor pressar seg inn
stig oppover
kaldt saltvatn i munnen


---



vi har kjøpt roser
køyrer til svingen
eg spør om det går bra

- ja, seier bror min
legg blomane i gjørma

han kjem full heim
blir sitjande og slå i golvet
det går ikkje over



Ingen kommentarer: