11. november 2012

darwins sporvar

ei bok som er fin både inni og utanpå

Eg har lese ei sterk og fin lita bok, som omhandlar eit vanskeleg tema: ei mor som forlèt si einaste dotter. Det er den siste romanen til Marit Kaldhol eg snakkar om, og som alltid er språket finslipt, bileta sterke og sanselege. I darwins sporvar er det like mykje poesi som prosa.

Det er mange fine passasjar i boka, mellom anna desse:

---

Metallet under hendene våre. 
Måsane skrik.
Det dryp frå kjettingane. 

Vi går ned under kaia, inn i det grågrøne lyset. 
Steinane er sleipe. 
Han finn ein tom kråkebolle, lèt fingrane gli langs det
kvite mønsteret. 
Alle piggane har falle av. 


---


Fortøyingane, kjettingane i tunge bogar. 
Grøne, algegrodde, drypande. 

Lengten etter å vere fortøyd. 
Kjetting gjennom skjelettet. 
Slikke metallet, kjenne smaken av jern på tunga. 

Eg er ikkje redd for å drukne, ikkje redd
for å stire i brønnen. 
Eg er ikkje redd. 
Eg er grøn, drypande. 

Havet piskar mot kysten, skurar berget. 


Ingen kommentarer: