22. januar 2012

Guden for portar og dører

I norrøn tid blei vintermånaden frå midten av januar til midten av februar kalla Torre. Torre er ein jotun, han er son av Snø, bror av gygrene Fonn, Mjoll og Driva; fonner, snødrev, kulde.
Snø og is all jordi gøymer, verdi ligg i lengt og drøymer.

Januar er byrjinga. Månaden er oppkalla etter den romerske guden Janus, guden for endring og overgang, for portar og dører, for alt som sluttar og alt som byrjar. Janus har to andlet. Eit som skodar bakover, på det som har vore, eit som skodar fram, mot det som skal kome.

Det er så stilt om vinteren. Berre ein einsleg fugl som syng i eit tre, eitkvart som skvatrar i ein hekk. Stega mine knakar over vegen, bilane knasar over grusen, folk hastar forbi, gjensnørte mot snødrevet. Det kvervlar rundt oss, fnugg kring fnugg. Viskarar veivar, folk lutar seg framover på vinden.

Snart syng det overalt, tenker eg, med snøfnugg som klakar augnevippene. Snart sprutar det ut, gras og blomstrar, lauv og latter og vår! Snart set eg dei tjukke, knakande vinterstøvlane vekk, gøymer dei djupt i skapmørkret, tek fram dei små, lette, som eg berre kan stige opp i og gå, små sko som klikkar mot vegen.
Snart kan eg sparke skoa av og gå berrføtt i graset, kjenne mjuke, stikkande strå under føtene, plukke markblomstrar som straks veks oppatt, sitje i sola, kjenne det kjølige draget frå vinteren henge att, blande seg med varmen frå sommaren som skal kome: den tidlege vårens to andlet.

Eg blei fødd om våren. Det snødde den dagen, tre dagar før 17. mai. Det snør no også, men no er det januar. Snøen er så lett at han fyk oppover. Han legg eit kvitt lag glasur på kåpa mi, eit melisdryss på hua, som smeltar når eg kjem inn.
Eg trakkar av meg støvlane i gangen, dei legg att smeltevatn på golvet. Inne i leilegheita er det mørkt, det er ettermiddag og sola har slokna. Eg lengtar etter lyse dagar, etter lange, mjuke kveldar. Eg tenner lampane og skrur opp omnane, tenner stearinlys, gjer meg van med mørkret. Natta går ikkje over, natta varer så mykje lenger enn dagen.

Det er ikkje berre kystfolket sørafor som får det første vårglimtet av snøklokker i desse dagar. På heile den nordlege halvkula byrjar den astronomiske våren allereie første veka i februar og varer til litt ut i mai. I midten, den 21. mars, kjem vårjamdøgeret. Då er dag og natt like lange. Denne dagen skal ein kaste jord og grus på snøen, då tinar han fortare, og våronna kan byrje tidlegare. Slik vêret er i Midt- og delar av Nord-Noreg vårjamdøgeret, slik blir det også til Jonsok. Hugs det.

Janusandleta myser, eitt mot det nye året, eitt mot det gamle. Det snør og blir lysare, ein fugl syng i eit tre. Vårfugl, tenker eg, og snur mitt eige andlet for å sjå. Fuglen sit der, liten og mjuk mellom nakne greiner. Syng vårsong, får meg til å lengte. Med det eine andletet ser eg bakover, på fuglen, med det andre ser eg framover, mot vår.

Det snør og snødrevet prikkar mot andletet, alt er kvitt og berre januar. Likevel er det som om våren snart er her. Eg kjenner han i kroppen, eit svakt brus frå ein bekk inne mellom trea. Eg kan ikkje sjå han, men høyrer han er der, om eg berre er tolmodig finn eg vegen, om eg berre er tolmodig får eg drikke.

Spalte i Nationen, 21.01.2012

Ingen kommentarer: