7. september 2011

På galeien

Eg er på ungdomsbokgaleien igjen. Slikt går i bølgjer. 

I sommar har eg lese ein del vaksenbøker som ikkje retteleg har fenga meg, og har toppa det heile med å ta fatt på Michel Houellebeqc, De grunnleggende bestanddeler, no i haustinga. Resultatet er at eg har fått ein nærast ustyrleg trong til å lese ungdomsbøker. 

Eg trur det handlar om å lese noko som er essensielt utan at forfattaren har gått inn for å forvanske eller intellektualisere over temaet for ein kvar pris. Ein del vaksenbokforfattarar føler dei må vise kor intelligente dei er og kor mykje dei kan, ved å ustanseleg drive namedropping, sitere frå ymse verk innanfor ulike fagdisiplinar og pøse på med fakta. Og det er greitt, det. Men akkurat no vil eg lese noko som er reint, noko som ikkje føler for å tilkludre forteljinga eller det menneskelege, som ikkje må vise seg fram. Eg vil hugse korleis det var å vere femten igjen, korleis det var når alt var sterkt og viktig og nytt, og eg vil klappe saman boka og ha kjensla av at eg er glad for at den tida er forbi og aldri kjem tilbake.

Eg byrja med å lese Natt på Frognerbadet av Sverre Henmo. Ei fin bok om ein fyr som er meir normal enn han sjølv forstår. Om å vere ung, lære å stå for det ein sjølv meiner, finne ut kva som er det rette, uavhengig av kva andre i kompisgjengen synest. Ei bok om Oslo og ei bok om kjærleik, om einsemd og om tap. Ei bok det var vanskeleg å legge ifrå seg, som eg håper når fram til gutar også, ikkje berre til jenter. Boka fekk Kultur- og kyrkjedepartementets pris for beste barne- og ungdomsbok i 2008

I dag har eg vore på biblioteket, der eg henta ei bok eg hadde bestilt og leitte ei anna fram frå hylla: Mitt bankande hjarte av Alf Kjetil Walgermo og Juli av Tania Kjeldset, to kritikarroste bøker eg ser fram til å lese.

Ingen kommentarer: