22. august 2011

Ein sommar

Gut på sand, Giske. Fotograf: Tone Lise Basso
Ein sommar var her og no er han borte. Det har ikkje vore den beste. Det har ikkje vore den verste, heller.

Når eg skriv desse linjene har eg nett kome att frå Aust-Finnmark, frå ti grader og vind, bærsøt frå vidda, taresalt frå havet. Eg har plukka molter og ete russekrabbe og gjort så ivrige notat i den vesle, raude boka at eg mista pennen min i Vestervågen. Der ligg han no og rullar mellom vinkande tareblad. Kva skriv han der?

Eg har hatt noregssommar i år. Eg har bada tre gonger i Bunnefjorden, men ikkje blitt brun. Eg merka det i dag, då eg gjekk ut i atten grader og sol på Torshov, til butikken i korterma bluse og bleike armar, saug sakte til meg av varme strålar, kjende det første draget av haust i lufta.

Eg skal spare på dei gode minna. På varme kveldar med mygg og plutseleg styrtregn, i hagar, på terrassar og fortauskafear. Eg skal spare på festivalane, på Patti Smith og regnet som hadde pøst i to dagar, før det stoppa akkurat då ho gjekk på scena. Eg skal spare på turar ned i fjøra, på den natta vi sat lent mot ein gammal naustvegg, vinden var sterk. Eg skal spare på julibålet vi tende på ein sand. Ungar og vaksne, lusekufter og sand mellom tærne, det iskalde vatnet mot leggane og mørkret som pakka seg tett kring oss i lyssirkelen, før det like etter byrja lysne igjen.

Eg skal spare på dei lange nettene. Eg skal spare på dei lange dagane.

I skrivande stund er det tre dagar igjen før sommaren er over. I morgon fer eg på den årvisse hytteturen med jentene. Vi skal køyre to timar frå Oslo til ei hytte i skjergarden. Vi skal setje oss i sola på altanen, håpe på godt vêr så vi kan ta årets siste sjøbad i blankt vatn, oppvarma av ein lang sommar, mjuk sandbotn og skarpe skjel under føtene. Vi skal sove godt og snakke lenge. Vi skal vere saman, det er viktigast.

Det har ikkje vore den beste sommaren. Det har ikkje vore den verste, heller. Det har vore gode dagar, det har vore kjekke stunder. Det har vore forferdelege opplevingar som har skaka oss til vårt inste.

No kjem hausten og reinsar oss litt. Blada blir raude og gule, lufta blir skarp, dagane klare før stormane kjem. Vi kan late att auga og lufte dei varme hovuda våre i vind. Vi kan late regnet skylje over oss, kjøle oss ned, gjere oss reine. Så kan vi gå inn og finne varme. Vi, dei heldige, som har varme å finne.

Eg skal arbeide denne hausten. Eg ser fram til det. Eg vil arbeide mykje, eg vil vere streng som hausten er streng, klar og fokusert, ikkje utflytande og lat som ein sommar. Eg lengtar mot hausten, slik eg har lengta til sommaren, når det ikkje har vore sommar. Kanskje lengtar eg alltid til det som ikkje er. Kanskje er det slik for menneska, at vi må lengte.

Etter hausten kjem førjulstida og eg liker førjulstida. Lyktene og julestjernene, lysa i mørkret, fargane og forventningane. Eg liker å reise heim til mørke kveldar og vind som uler, og inne er det lunt, fyr på peisen og gule lampar og mørkret som stangar mot vindauget, som stenger oss inne i vårt eige lys.

Så kjem eit nytt år og eg liker det nye. Nokre snøskitne månadar går, så byrjar det spire igjen, det blir vår. Eg liker vår. Eg har ikkje ord for våren. Berre at han er det finaste eg veit.
Og med våren byrjar eg å gle meg til sommar. Ein heilt ny sommar, ikkje slik han var i fjor. Ein sommar utan sorg, finst det?

Eg lengtar ikkje etter sommar no, eg lengtar vekk. No er han snart over. Berre ei helg igjen, så tek eg haust.

Spalte i Sunnmørsposten, 19. august 2011

4 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Nydeleg bilete av gut på strand.

2011 fekk også sin sommar. Eg oppsummerte nett for meg sjølv, som ei avslutning, og konkluderte med at eg hadde gjort så mykje! Truffe mange kjente eg sjeldan ser, vore på Stiklestad og arbeidd på Olavsfestdagane og mykje meir. Trist var han òg med 22.7. Men sjå nedste bilete i denne posten:
http://mette-mor.blogspot.com/2011/08/olavsfestdagene-2011-en-hjertelig.html
Er ikkje det ei vakker kjærleikserklæring?

Aina Basso sa...

Veldig fint.
I går gjekk eg forbi Torshovparken og syntest det såg ut som om gartnarane hadde gløymt ein flekk med gras når dei klipte, men då eg kom lenger fram såg eg at det var eitt av fleire hjarte. Det var vakkert og enkelt og gav meg glede.

Anonym sa...

Du skriver så vakkert, det er godt å lese. Det har skjedd mye trist denne sommeren, men som du sier, nå kan høsten komme og rense oss. Leste forøvrig din bok i sommer, Fange 59, Taterpige. Den likte jeg, en flott bok! Ønsker deg en fin uke.

Aina Basso sa...

Takk for det, annemarie. Ekstra kjekt at du likte boka, sjølvsagt! Ei god veke til deg, også.