13. juli 2011

Ok,

Skrivestove på Malmøya, med Siri Hustvedt, kvitvin, katt og badehandduk.
litt bading likevel, då.

Eg veit eg skreiv du ikkje vil møte meg på stranda i sommar. Det er for så vidt ikkje løgn, sjansen for at akkurat du møter meg på ei strand, er forsvinnande liten. Men det betyr ikkje at ingen har sett meg på ei strand, for eg har bada. Eg må innrømme det. Tre gonger, i sjøen.

Førre veke dukka eit uhyre passande tilbod opp. Om eg kunne vere hus- og kattepassar på idylliske Malmøya i Oslo? Bu i eit stort hus med hage og to minutt til næraste badeplass, alt medan byleilegheita mi er innpakka i stillas og grøn netting, for ikkje å snakke om skjemma av støy?
Ja, ok, då. Eg kan ofre meg, sa eg.

Det blei litt skriving der ute. Men mest blei det kos med ein liten katt, sitjing på terassen utover dei lyse kveldane, kveldsutflukter til svaberg med utsikt til sola som gjekk ned, kveldsbad, morgonbad og midt-på-dagen-bad, åleine eller saman med venner.

Men no er eg tilbake i kvardagen. Ikkje meir bading, no, ingen fleire kattar, berre skriving. Eg lovar (nesten).

2 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Hei Aina,
har blogget om Maria. Likte boka godt! Håper det går bra med sommarskrivinga.

Mettemor

Aina Basso sa...

Så hyggeleg! Takk for fin kommentar. Eg skal legge den til i lenkelista mi!