10. april 2011

Heldigvis ikkje

Nokre bøker er ein glad for å bli ferdig med. Nokre bøker er ubehagelege å vere i, ubehagelege på ein så verkeleg måte at ein ikkje kan legge dei frå seg utan å ha lese dei ut, men kjenner ei stor lette når ein endeleg kan klappe boka att etter siste side.

Om bare (2001) av Vigdis Hjorth er ei slik bok. Det intense, destruktive, desperate kjærleiksforholdet mellom dramatikaren Ida Heier og litteraturprofessoren Arnold Busk er umuleg å ønskje seg, for smerten held handa til lidenskapen, eg kan ikkje anna enn vere lukkeleg for at eg ikkje har det som dei. For eg trur på det. Eg trur det kan vere slik. Og eg trur det gjer vondt, så forferdeleg vondt. Aller vondast fordi ein ikkje vågar å sleppe, fordi det verkar umuleg å ein dag klare å gå.

3 kommentarer:

Kasiopeiia sa...

Sånn har jeg det med boken jeg leser óg nå om dagen (Trude Marsteins Ingenting å angre på). Man blir frustrert og nesten sliten av det!

Beatelill sa...

Akkurat sånn hadde jeg det da jeg leste denne boka. Det var en veldig god bok, men jeg var helt utslitt og voldsomt glad da jeg endelig kunne klappe sammen boka og være ferdig. Man vil liksom ikke være for lenge inni noe så destruktivt og vondt.

Aina Basso sa...

Eg har òg lese 'Ingenting å angre på'. Kan ikkje hugse eg blei så sliten, men boka gjorde inntrykk, kjenslemessig er det jo ein svært utmattande tematikk.

Det eg sit att med er derimot noko heilt anna. Dei fine skildringane av sommar, som Trude Marstein er så fabelaktig på. Sommar på hytta, sommar i byen, sol og utepils og varmen og lyset og graset og korleis ein står på ein togstasjon når det er sommar og ikkje veit heilt kor ein vil.