10. april 2011

Vinnarlukka

Eg er ikkje lenger ein vinnar. Ikkje har eg skrapa fram minstepremien på eit Flax-lodd på det eg kan hugse, og ikkje er det vits i å tippe heller, for kvar gong eg kjøper ein Lotto-kupong og med indre jubel tenker på kor kjekt det skal bli å vinne, vinn eg ikkje det slag. Men det var annleis før. Då var eg ho som alltid vann. Til noko skar seg.

Då eg voks opp var bedehusbasarane framleis inne i si glanstid på Giske. Fleire gonger for året blei dukar hekla, klokkestrengar brodert, gevinstar innkjøpt og donert, og lodd selt frå hus til hus på heile øya. Eg gjekk med nummer, slik mor gjekk då ho voks opp. Det var eksotisk å gå slik frå hus til hus. Kome inn i framande gangar og kjøken der ein elles aldri hadde naturlege ærend. Svale gangar med dunkle trapper til loft og kjellar. Innanfor ei dør: eit varmt kjøken, ei klokke som tikka på veggen, svak lyd frå radioen i vindaugskarmen, og den særskilte lukta som tilhøyrer kvart hus. Ei blanding av grønsåpe, nysteikt brød, kokt fisk, og nokre stader: fjøs. Og etterpå å kome ut i den friske vinden som feia vekk alle lumre kjøken; puste djupt, vind i håret, gå vidare til neste hus, opp trappa, banke på døra. Vente desse sekunda før ein skikkelse bølgja bak det ruglete glaset: – Vil du ha nummer?

Bedehuset blei fylt av folk på basarane. Dei vaksne sat nede i salen med dei minste ungane, medan dei eldre barna trekte seg tilbake til galleriet, der dei sat og såg ned, framoverlente med olbogane på rekkverket. Hovudpremien på nummerlistene var ofte ei sovedokke og ein duk. Duken kunne vere sirleg hekla med tynn tråd, eller brodert med perfekte, små sting. Sovedokka var i mjuk, hudfarga plast og bikka ned augelok med tjukke plastvipper når du la henne bakover.

Eg var som barn vida kjent på øya for å ha enorm vinnarlukke. År etter år var det eg som gjekk heim med sovedokka under armen. Det var ikkje til å tru, slik flaks eg hadde. Det var som eg var fødd under ei heilag stjerne. I etterpåklokskapens lys ser eg at vinnarlukka kanskje ikkje berre var mi forteneste. Damene skreiv ofte nummer på ungane i familien, og eg var ungen i familien for mange som likte å ta nummer. Så når basarlaurdagen kom, og det store gevinstbordet stod under måleriet av Jesus og skein med ein eigen glans, var det ikkje eingong naudsynt å krysse fingrane, det var berre å vente. Eg visste jo eg ville vinne. Eg vann alltid.

Men så skjedde det forferdelege. Ein basarlaurdag vann eg ein lampe. Det var ein fin lampe. Eg tok han med heim, men eg hadde ikkje plass til han på rommet mitt, så eg tenkte eg skulle vere snill og gav han til mamma. Og det var då det heile rakna. Først etter at eg hadde gjort det, fortalte ho at ein aldri må gi vekk noko ein har vunne, for då gir ein vekk vinnarlukka med det same. Eg prøvde å reversere det, ta tilbake lampen, sjølv om givarattetakar var det verste ein kunne vere. Men det hjelpte ikkje. Neste gong vann eg ingenting på basaren. Og ikkje gongen etter det eller gongen etter det, heller. Eg hadde gitt vekk flaksen min. Eig du vinnarlukka og gir henne vekk, så er ho ikkje lenger di.

Så no ventar vi på at mamma skal bli millionær. Berre synd ho ikkje kan gi vekk noko om ho vinn.

Laurdagsspalte i Nationen 16. april 2011.

2 kommentarer:

Eva sa...

Hei! Så levende beskrivende fortalt at jeg kjente meg igjen i hvert et ord. Takk for at du minnet meg på den trygge gode barndomstiden på Giske med bedehus og bassar (-og fjøslukt). Ikke bare en gang jeg kjente er snev av misunnelse når du danset ut bedehusdøren med hovedgevinsten.

Hilsen Eva (Bern-Eva)

Aina sa...

Hei Eva,

så artig å høyre frå deg, det var veldig lenge sidan! Ja, eg trur nok mange var misunnelege på dei premiane, med god grunn. Men som du skjøner no så fekk eg som fortent til slutt.

Håper det er bra med deg. Kor held du til i verda?

Aina