11. desember 2010

Eit sørgmodig avtrykk

Det er ei stund sidan eg såg han, men han sette eit avtrykk i meg. Eit sørgmodig tommelavtrykk mot innsida av brystkorga. Eg blei så trist av han. Visste han var trist, men var ikkje førebudd på kor trist ein sjølv kan bli berre av ein film. Så frykteleg einsame vi kan vere, vi levande. Så forferdeleg, frykteleg einsame, sjølv når vi er saman, sjølv når alt kunne vore så bra. Eg vil rope til dei triste skapningane i filmen: De har jo alt! Ikkje gjer alt så vanskeleg, de får det til, de har alt de treng!
Det handlar om den fryktelege einsemda,

i denne filmen


i denne songen


og i denne fine radiodokumentaren med Tomas Espedal.

Men mest av alt handlar det om håp.

2 kommentarer:

Silje sa...

Åh, som jeg gråt da jeg så den filmen.

Aina sa...

Det var rett og slett ikkje noko kjekt å sjå han. Berre trist.