14. desember 2010

Den gamle mannen står på balkongen igjen. Står i hjørnet og ser, først framover hagen, så til sida, ut på gata, mot meg. Han har vikla julelys om gelenderet. Eg har aldri sett han nokon annan stad enn der: på balkongen i fjerde etasje på den grå blokka over gata.

Eg leiter etter arbeidsroa, fokuset. Finn det ikkje, ser ut. Ei still gate, nakne tre i hagar. Ein bil køyrer forbi, det blir stilt igjen. Vegguret på kjøkenet tikkar. Stjerna i vindauget lyser. På puffen ligg to pakkar eg skal sende i posten, på gangen eit kort i raud konvolutt. Eg har teikna fuglesilhuettar på konvolutten. Eg tenker på til-frå-lappar, på alt eg burde gjere. I staden sit eg her og endå ein bil køyrer forbi. Det er snart jul, då skal eg berre lese.

Ingen kommentarer: