29. november 2010

Ei dør som står og slår

Eg les eit vekesgammalt intervju i Klassekampen med den norsk-svenske forfattaren Beate Grimsrud, som denne hausten har kome med den kritikarroste og Brageprisnominerte romanen En dåre fri. Den psykotiske Eli Larsen er forfattar, høyrer stemmer, er inn og ut av psykiatriske institusjonar og har skrive dei same bøkene som Grimsrud, laga dei same filmane. I Noreg er det det biografiske aspektet det er fokus på, vi er jo på ei bølgje av sjølvbiografiske romanar, ei bølgje eg tenker eg ikkje ein gong rekk å kome meg opp på før ho vil vere over, men sjølv seier Grimsrud at ho med denne romanen vil setje eit politisk fokus på psykiatrien og korleis det er å leve med psykisk sjukdom.

Eg har ikkje lese denne romanen enno, men har tidlegare lese ei bok av Grimsrud, Å smyge forbi en øks, som er av ein slik art at eg ikkje klarer verken å gripe henne, fatte henne eller gløyme henne. Eit mørker der, noko farleg som ligg under og skaper uro. Eg såg òg nyleg ein film av og med Grimsrud, som gjekk på NRK, Det pleier å gå bra. Vakker, vanskeleg, fin og trist.

I intervjuet kjem Grimsrud med ei rekkje uttalingar som får meg til å tenke. Ho seier:

- Det som skiller forfatteren fra amatøren er at forfatteren har en distanse til det hun skriver. Det finns et mellomrom mellom meg og materialet der kunsten smyger seg inn.

Og ho seier:

- Man skal ikke romantisere. Men alle med sterke kreative evnen ligger på grensen til det jeg vil kalle positiv galskap. Man trenger det for å tenke utenfor boksen. Kreativitet er å åpne sinnet, å la drømmeverdenen være del av dagen. Såkalt friske mennesker stenger den døra, mens de psykotiske lar den stå og slå hele tida. 

Men:

- En psykosesykdom går dessuten i bølger. Det er ikke når Eli er psykotisk at hun er kreativ. Det er i friske perioder hun kan skrive. 

Det er jo ein vanleg myte at kunst og psykiske lidingar heng saman. Om det stemmer kan ikkje eg seie. Men eg kom til å tenke på dette sitatet av Tomas Espedal frå Litteratursymposiet i Odda, gjengitt av @eplesmil på Twitter, som eg synest høver godt i denne samanhengen:

- Hvis skriving hadde vært terapi, hadde alle forfattere vært friske.

1 kommentar:

Anonym sa...

Jeg er superspent på denne romanen!