10. september 2010

små skjelpadder, driv tilfeldig omkring i havet

Marit Kaldhol har kome med ein ny ungdomsroman denne hausten, ein sterk roman: poetisk, vakker, frykteleg: søkeord: ayotzintli.

Boka blir av forlaget (Samlaget) omtala som punktroman og består av fleire stemmer. Først møter vi unge Mikke gjennom hans datadagbok, han skriv om små skjelpaddar som driv tilfeldig omkring i havet, om kameratar, kjærasten Siri, om å ikkje sove, om skip i mørkret. Plutseleg sluttar dagboka. Stemma til mamma tek over.

Det er mamma sine tekstar som er dei sterkaste å lese, det er her vi skjøner kva som har hendt:

Klikket i låsen den kvelden vi kom heim. Opna døra, steig inn, kjente den unaturlege stilla i gangen. Lufta tett av størkna stille. 
Med ein gong forsto eg. Stilla fortalte meg det eg enno ikkje kunne vite. Som om det eg snart skulle få vite kom meg til møtes. 
Eg sette ned kofferten. Idar og eg såg på kvarandre. Ikkje ein lyd, ikkje eit knepp, bare steinhard stille. 
Kvasse sagblad kappa opp tankane. 

Boka sluttar med brev frå dei andre som har vore nær Mikke: pappa, Idar, Siri, Sverre, Tore. Ulike røyster, ulike perspektiv, men sorga er den same. Ei sorg over nokon som har vald å forsvinne.

Utdrag frå Mikke si dagbok:

18.02. kl. 23.05

av alle dyr er mennesket det einaste som reflekterer over sin eigen eksistens. som spør etter meininga med livet. som tenker over at vi lever og at vi skal dø. mennesket er det einaste vesenet som er i stand til å avslutte sitt eige liv, som er klar over at vi har eit reelt val. dei einaste som kan halde kvarandre kunstig i live.
og enda er vi bare samansette av millionar av celler. 
korleis er cellene blitt programmerte til å utføre akkurat den jobben dei skal? korleis kan eg vere meg medan cellene heile tida endrar seg, forsvinn, blir erstatta av nye?
det er i cellene livet finst. små kjernar, tynne hinner

Ingen kommentarer: