29. september 2010

Seks ting bokmålsforfattarar slepper å høyre

- at andre nordmenn spør når boka skal omsetjast til nynorsk
- å få gode råd om å skifte til nynorsk for å selje fleire bøker
- spørsmålet: 'Å! Skriv du på BOKMÅL?' når ein snakkar med nye folk
- lesarar som seier: eg har veldig lyst til å lese boka, men sidan ho er på bokmål veit eg ikkje om eg orkar
- lesarar som seier: eg les vanlegvis ikkje bokmålsbøker, men då eg las denne gløymte eg nesten at det var bokmål eg las!
- lesarar som seier: det kan hende eg likte boka betre fordi ho var på bokmål; når ein ikkje kan eit språk så godt er det lettare å late seg lure

5 kommentarer:

Kjerstin sa...

Nr. 5 er ein klassikar i bloggbokmeldingar, har eg sett. Og det verkar som dei verkeleg trur det vil bli oppfatta som ein kompliment.

Aina Basso sa...

Eg har nære venner som trur det er eit kompliment.

Janicke sa...

Jeg vet ikke om jeg syntes at dette er så rart. Jeg liker å lese både bokmål og nynorsk, men må innrømme at noen bøker på nynorsk kan bli litt i overkant. Oversetteren til Gavalda er et eksempel. Hun tar det helt ut i de siste bøkene, og jeg har måttet oversette noen ord og begreper. I mitt stille sinn har jeg tenkt at det må kanskje de som selv snakker nynorsk også..

En annen ting jeg har tenkt på er at det må være rart å komme til Norge, lære seg språket og la seg "integreres" som det så pent heter, for så å treffe alle disse snåle, sjarmerende og noen ganger komplett uforståelige dialektene vi har i dette landet.

Uansett, mangfold er bra. Og det er bra at noen skriver på nynorsk - det er vakkert å lese. På samme måte som mange bokmålstekster er vakre.

Berge sa...

Kor er det du finn desse som snakkar nynorsk, Janke? Hører stadig folk snakke om at det er mange som gjer det, men eg har aldri møtt på nokon.

Janicke sa...

På TV feks. Eller på teateret her i Oslo. I tekster. Og så er vi mange som snakker dialekt. Om det er nynorsk kan diskuteres, men det er i hvert fall ikke bokmål.