Det er snart tid for ny opplesing. I morgon stiller eg blankskura og nypolert på Mono klokka 19 for å lese utdrag frå den nye boka, saman med Line Baugstø, Thure Erik Lund, Aksel Selmer, Britt Karin Larsen og Morten Harry Olsen.
I dag har eg bladd gjennom boka for å finne passande utdrag å lese og har bestemt meg for å lese frå tilbakeblikkstekstane, dei meir poetisk minnetekstane om livet på vegen, med familien, i fridom. Livet før Maria og familien går gjennom portane til Trondheim, før alt endrar seg og blir vanskeleg.
Over åsen kjem byen til syne. Maria stoggar og dreg sveitten av panna.
Der nede ligg han. Roleg lokkande innom elveslynga. Fjorden glitrar i solgangshimmelen, seglskipa ligg tett i hamna. Ho kjenner draget frå gatene. Der nede er koparspir og røykstriper, glimtande hustak, gater og grøne hagar. Ho ser den høgbratte skansevollen med bymuren, skimtar brua bak domen, festninga som tronar med heist flagg på ei høgd over byen. Det kitlar i kroppen, små ras av lykke.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar