4. september 2010

I Nynorskens skog

For målfolket er det målet som er målet. Og målfolket, det er vi, det. Nynorskingane.

Då eg gjekk på vidaregåande leika eg med tanken om å melde meg inn i Noregs Mållag. Det høyrtest så eksotisk ut. For eg elska jo nynorsk, det har eg alltid gjort. Dessutan var det noko forlokkande med det å skilje seg ut frå den gemene hopen av språkumedviten ungdom, som gjerne skreiv ei slags blanding av fonetisk dialekt og bokmål, fullspekka av stavefeil. Og eg var språknerd, allereie då, med sterk elskhug for Tarjei Vesaas. Likevel blei det ikkje til at eg melde meg inn i Mållaget. Eg fekk det føre meg at dei som var med der var gammalmodige raringar med busserull og skjegg, som skreiv oppstylta i-mål og brukte arkaiske ordformer eg aldri hadde høyrt før.

Femten år seinare er eg ein velintegrert nynorsking som deltek på haustlanseringa til Det Norske Samlaget tysdag 24. august 2010. Dagen byrjar med den årvisse pressekonferansen på Det Norske Teatret, som er eit reint nynorskteater, på same måte som Samlaget er eit reint nynorsk forlag, med heiderleg unnatak når det gjeld skulebøker, der det blir praktisert likestilling. Eg er lansert som debutant for andre gong, sidan den første boka mi var for ungdom og den nye er for vaksne, og vi er fire forfattarar som skal lese for pressa denne morgonen. Spegelsalen er full av folk. Forlagsfolk, forfattarar, fotografar og journalistar. Ja, og nynorskingane frå målrørsla, sjølvsagt. Dei er alltid med når noko skjer på Samlaget.

Etter at pressekonferansen er ferdig, med det som medfølgjer av blitzregn (vel, greitt, eg skal ikkje overdrive. Det er meir som ein sped, liten gneiste frå tid til anna, skulle tru dei ikkje hadde innført digitalkamera enno) og forfattarar som kastar lange blikk etter journalistane, fortset dagen med forfattarklubbmøte, debutantlunsj på Grang, eg meiner Grand, og til sist det store høgdepunktet: Festen.

Det dei fleste utanfor det litterære miljøet i Noreg assosierer med forlagsfestar er hagefesten til Aschehoug (eller Asjehaug, som venninna mi seier), der kjendisar og forfattarar pressar seg saman i ein vakker hage på vestkanten, drikk vin frå plastglas og konverserer viktig med dei andre som er like viktige som dei sjølve. Slik er det ikkje på Samlaget.

Det tek litt tid å bli sosialisert inn i det nynorske miljøet, å kjenne seg som ein velsmurt del av heilskapen, senke skuldrene og slappe av. Men når dei innleiande stega først er tekne er det oftast høgt under taket og romsleg i armkrokane. For nynorskkjendisar er ikkje som andre kjendisar. Du veit kanskje ikkje kven dei er, eingong. Og det er det som er så fint med nynorskmiljøet. For når endåtil dei store kjendisane våre er små og ikkje kjem seg inn på verken a-, b- eller c-listene, og Se og Hør ikkje ville kjent dei att om dei datt langflate framfor dei med buksa på knea, er det klart at det blir mykje kjekkare å vere fersk og skjelven debutant.

I dette miljøet blir alle kjende med alle. Og limet som held alt saman er dette: Nynorsken. Det er i sanning vakkert her i Nynorskens skog, som Oddvar Torsheim syng om:

’Tenk alt som er gjort/ av gildt og av stort/ i Nynorskens skog. Mitt valg er no gjort/ eg vil ikkje bort/ frå Nynorskens skog.’

I dag er eg òg blitt medlem av Mållaget. Og veit du kva? Dei fleste i målrørsla er heilt vanlege folk. Har faktisk ikkje sett ein einaste med verken busserull eller skjegg.

’År kasta eg bort/ før eg fann ein port/ til Nynorskens skog./ Eg fant noko stort/ bak Mållagets port/ i Nynorskens skog.’


Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 3. september 2010. 

Høyr den vidgjetne låten HER.

Ingen kommentarer: