9. august 2010

Fred, kjærleik og forståing

Var du òg på Sommerfesten på Giske i helga? Var du eitt av dei tusenvis av menneska eg gjekk forbi i løpet av dagen, stod ved sida av, smilte til? Gjekk du òg utover vegen til festivalplassen, forbi vaktene, såg den rosa kua lene seg litt mot vest, ettertenksamt – heldt du eit lite barn i handa, eller ein kjærast, eller ingen? Viss du var, viss du var eitt av dei menneska, så veit du kva eg snakkar om, så veit du korleis det kjentest. Så er du einig med meg: det kjentest bra!

Slike fortetta dagar. Eit døger utan vanlege markørar. Stå opp, ete, ha på seg nok klede, gå. Så, innan den første halvtimen: late seg oppsluke av stemninga, av konsertane, vennene, musikken, lyset, vinden, havet. Innimellom prøve å få seg noko mat, ende med éi kald og to lunka pølser, grillkøen er for lang, gidd aldri stå der lenge nok. Men det held, vi klarer oss. Er ikkje her for å ete, er her for andre ting. Ein heil dag med gamle venner, aldri er ein så lenge saman, aldri kjem ein så nær, nesten utan å snakke.

Vi beveger oss til musikken. Står tett inntil kvarandre framfor Peace & Love-scena og lèt att auga, kjenner klangane gripe tak i beingrinda med tusen mjuke fingrar, dure i magen, i brystet. Rytmen gjennom kroppen, lysa som skiftar framom andletet, på andre sida av augeloka: grøne, gule, raude, kvite. Vil ikkje sjå, lysa som blenkjer og pulserer, berre kjenne, berre stå her, tett saman, auga lukka.

Mørkret kjem overraskande. Brått er lyset vekke, vi snublar over festivalområdet, trakkar fråslengte ølboksar flate, ned i graset og gjørma. Sjølv om vi har sett himmelen få rosa slør ute i havet kjem mørkret plutseleg. Vi går inn i sirkusteltet, vi dansar, når vi kjem ut ser vi ingenting. Telefonskjermane lyser: – Kor er du? – Står i dokø. – Harry’s Gym, no! Vi prøver å finne ein stad å sitje, får det ikkje til, folk overalt, folk i mørkret, folk som skubbar, som smiler, kastar gleda si i lufta, folk som held tett saman: mistar ein kvarandre finn ein kanskje aldri tilbake.

Eg kan ikkje gjengi alt. Ikkje den heile og fulle sanninga, ikkje eingong mi eiga. Dagen sit att som eit avtrykk, eit varmt avtrykk i hjartet: noko like raudt og glødande som sola som står opp over Vigra. Tommelavtrykket til ein festival, ein lang, skinande dag. Er det dette eg har venta på i heile sommar? Er det dette eg har venta på heile livet?

Men noko kan eg fortelje om. Frode Grytten som opnar Margarets-konserten med å lese teksten han har skrive om Giske. Om husa som trykker seg saman som våte sauar – var det våte? – om vindauga som lyser, gjestmilde, om brua som er tauet som hindrar øya i å flyte av, 6052 Giske, 6052, 6052. Alle dei kjente songane etterpå, dette bandet som var det første eg var fan av, i 1991, eg fekk styre lysbileteshowet på ein av konsertane deira, eg var 12 år, Rune Berg med flosshatt, ’Rubber Rubbish’, å, dei var fantastiske. Det siste eg høyrer då eg lèt att den blå døra på plastdoen er Alex som syng: ’Heaven knows I’m not Alain Delon’. Ikkje eg, heller. Men er det noko å trakte etter, då?

Vi sit framfor Understanding-scena, den som har havet i ryggen, som sola går ned bak, artistane speler, måsane flyg i flokkar, kvite sirklar. Nokon gir meg ein klem, nokon deler sitjeunderlaget sitt, hentar pølser. Fred, kjærleik og forståing. Det einaste eg ikkje forstår er korfor ikkje festivalen er på nynorsk. Vi snakkar om det, eg og ein gammal venn, vi er heilt einige. Dagen etter tenker eg at vi er nokre skikkelege nerdar. Og det er vi jo. Beklager, men det er vi.


Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 6. august 2010

Ingen kommentarer: