5. juli 2010

Tippa i gapet, svelgt, fordøydd

Det er ikkje ofte eg har vore med på slike ting: fått fatt i bøker varmferske frå trykkeriet, byrja lese med det same eg har fått dei mellom hendene, fortsett, bind etter bind, venta på neste, tippa i gapet, svelgt, fordøydd, venta, svelgt.

Det einaste liknande eg har vore med på har vore Harry Potter-bøkene. Der har eg førehandsbestilt og brukt dagar i strekk på å lese, leseleselese, for å bli ferdig før ferien kjem og eg blir forstyrra av andre menneske. Det har ikkje slått meg før no at det er det same eg har gjort med den seksdelte romanen til Karl Ove Knausgård, Min kamp. Karl Ove Knausgård og Harry Potter. Skal tru om det er mange andre som har den kombinasjonen. Det ville ikkje overraska meg. For alle slags folk les desse bøkene. Knausgård sine, altså. J. K. Rowling er kanskje ikkje like stovereint i alle krinsar. Men Knausgård.

Eg byrja lese frampå nyåret, etter å ha innsett at alle samtalar i det litterære miljøet vil hamne innom dette prosjektet, denne mannen, desse bøkene. Skriv han om meg? Kva skriv han om seg? Kva skriv han om dei vi kjenner? For det har vore det det har handla om. Å finne seg sjølv i bøkene. Heldige er dei av oss som aldri har møtt han, som ikkje treng vere redde, berre nyfikne, berre engasjerte eller uengasjerte i det som står.

Eg er nettopp ferdig med femte bindet. Las det ut i natt, i halv tre-tida. Tempoet tok seg betrakteleg opp mot slutten, eg låg med høg puls for første gong gjennom dei fem- sekshundre sidene boka består av. No ventar eg på meir. På avsluttinga, den store finalen. Det er klart. Når ein først har byrja, når engasjementet er kome, når ein har investert eit halvt leseår hovudsakleg på éin mann, éin mann som før dette hadde gitt ut to romanar, berre to romanar.

Og seinare, når det legg seg. Kva vil vi tenke då? Kva vil han tenke? Korleis vil det gå med han etter dette, med familien hans, med vennane, kjenningane, med skrivinga? Kva er sanning og kva er løgn? Han innrømte tidleg ei løgn han har skrive inn i boka, at han ser faren sin to gonger etter han er død. I røynda var det visst berre ein gong, han skreiv den andre inn som eit litterært grep. Kva anna har han loge om? Kva anna er litterære grep, pynt, effektar, reinvasking, skitkasting? Speler det ei rolle? Ikkje for meg. Men kanskje for dei som er omtala der? Er dei rettvist behandla? Will There Be Blood?

8 kommentarer:

Mettemor sa...

Knausgårdsuget ... :-)

mette sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
mette sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
mette sa...

rowlings er reinere enn stua mi. ikkje at det seier så mykje. men eg synes at ho er samtidig og aktuell på ein interessant måte. magien med potterbøkene er det å leite etter spor av UK i dag. helsing anglofil.

Aina sa...

Herleg, Mette! No er vi to med skitne stover. Eller noko.

mette sa...

gjerne rotete stover, men aldri skitne! (visste du at "rote" kjem frå grisen, som rotar i jorda, etter røter?)

Elen Fossheim Betanzo sa...

Jeg kan faktisk ikke huske sist jeg kjøpte en bok samme dag som den kom ut (bortsett fra Min Kamp)! Jeg husker derimot godt at jeg ventet i spenning utenfor platebutikken i Stavanger den dagen det nye Boyzone-albumet ble sluppet, tilbake i 1995 eller noe. Dagens desidert tristeste setning, for øvrig.

Aina sa...

Boyzone! Dei er eg heldigvis for gammal til å ha digga. New Kids On The Block, derimot... Og Nirvana. Men det er jo ikkje så pinleg.