15. juni 2010

Når det blir eit prosjekt

Kva les du no? er ein tråd på internettforumet underskog.no.
For min del må svaret, på dette tidspunktet i tida, bli: altfor mykje. Eg er igjen plaga av min hang til å ta ein liten smak av det meste som fell meg inn, og merkar at det på dette tidspunktet - for å halde meg til same metafor når eg trass alt har vald han - er blitt for mange fat med for mykje mat igjen på bordet.

Av leseprosjekt, altså bøker det er blitt eit prosjekt både å lese og å lese ut, kan eg nemne desse:
Camilla Collett: Amtmannens døtre, Virginia Woolf: The Waves og Oscar Wilde: Bildet av Dorian Gray.
Det er ikkje det at eg ikkje har lyst til å lese dei, at det ikkje er gode bøker. Tvert imot. Eg må berre lære meg at ein klassikar i gongen er nok for meg å halde styr på.

I tillegg les eg ei bok eg sidan side 1 sterkt har vurdert å legge bort, men som eg av naudsomsyn no har lese 2/3 av. Eg klarte nemleg å gløyme att delar av handbagasjen min i drosja på veg til Oslo S grytidleg ein morgon for omlag ei veke sidan og stranda dermed i Roma og vidare på kvite Middelhavsstrender utan lektyren eg så omhyggeleg hadde vald ut. Dei einaste engelske bøkene eg fann i Roma (som ikkje var trykt i skriftstorleik 6) var kriminalromanar og såkalla 'bestseljarar', som eg ikkje alltid forstår korfor appellerer til så mange som dei gjer (det må vere noko med marknadsføringa, eg kan ikkje forstå anna), så eg enda med å kjøpe den idiotiske kriminalromanen The Book of Murder, som handlar om nokre forfattarar, nokre mord og andre 'spennande' saker i Argentina. Sjølv om boka etter 2/3 sider ikkje er tilfredsstillande, har reisa ført meg så langt inn i intrigen at eg no kjenner ei viss nyfikenheit etter å sjå korleis det heile endar, og om endinga er like dårleg som handlinga fram til dette punktet har vore.

Som plaster på såret fekk eg derimot tak i Selected Letters av Jane Austen, som kanskje ikkje eigna seg så godt på stranda, men som ligg som ei fin kaffibord-bok, høvande til å bla og lese litt i frå tid til anna. Og no har eg vore på biblioteket og henta ytterlegare to bøker eg er blitt nyfiken på den siste tida: Den indre olding av Gunstein Bakke og Selvopptatte memoarer av Stendhal, som første gong kom ut i 1892 (i desse Knausgård-tider).

Eg innser at eg må ta eit val. Bunken på nattbordet er blitt så høg at eg ikkje liker han lenger. Prosjekt 'les ferdig bøkene dine' er herved i gang. Wish me luck.

3 kommentarer:

Elin sa...

Lykke til! :)

Elen Fossheim Betanzo sa...

Og nå har jo femte boka kommet også. Lykke til!

Aina Basso sa...

Elin:
Takk! I god gang med 'Bildet av Dorian Gray', no. Veldig god bok, eigentleg!

Elen:
Haha, ja, eg veit! Eg var sikker på eg hadde avbestilt henne som hovudboki Litteraturklubben Epp, men det viste seg at det har eg jo ikkje (eg har vel ikkje klart å ta stilling), så i dag dukka ho opp på døra. Men eg skal vente til den lange tog- og bussturen på måndag.