14. juni 2010

Fasanen er eit språk

Det tok litt tid å lese Herta Müllers Mennesket er en stor fasan i verden. Ikkje fordi boka er lang, tvert om er ho kort, men fordi språket er så gjennomarbeidd at det - før ein kjem inn i det - tilslører handlinga og hindrar framdrift i lesinga. Boka krev altså litt innsats frå lesaren si side. Ho krev kontinuitet i lesinga og det kunne eg ikkje gi henne i den første perioden eg prøvde å lese henne.

Eg liker lyrisk prosa. Eg liker forfattarar som jobbar med språket, eg liker eit språk som utfordrar og overraskar, eg treng ikkje ei frykteleg spennande og drivande handling for å klare å lese ei bok. Eg ser at Herta Müller har noko heilt eige, at ho gjer noko heilt eige, at ho har eit tydeleg prosjekt. Eg ser at ho verkeleg arbeider med språket, med dei språklege bileta og vendingane. Det er ikkje det at setningane er lange, det er det at dei er så korte, så innhaldsmetta, som skaper motstanden.

I byrjinga gjekk det tregt. Eg klarte ikkje bli ferdig med meir enn 25 sider før lesesirkelen treftest over øl og burger for å diskutere. Eg prøvde å lese i dei små tidslommene eg hadde: like før eg sovna tungt om kvelden, i venterommet på legekontoret, på kafé, over frukost eller lunsj. Men heile tida stanga eg mot teksten. Etter å ha lese eitt av dei korte kapitla måtte eg legge boka vekk for å skrive og neste gong eg henta henne fram forstod eg ingenting. Teksten er så nedskoren at ein må hugse for å forstå, ein må lese i ei samanhengande rørsle for å følgje med.

Men så endra det seg. Eg fekk tid. Og eg byrja kome inn i det.

De flekkete nabogrisene ligger i de ville gulrøttene og sover. De svarte kvinnene kommer ut fra kirken. Solen skinner. Den løfter dem over stien i de små, svarte skoene deres. Rosenkransen har gjort hendene deres myke. Blikkene har ennå forklarelsen fra bønnen over seg.

Over taket på buntmakerhuset slår kirkeuret midt på dagen. Solen er den store klokken over middagsklangen. Høymessen er over. Himmelen er het.

Bak de små, gamle kvinnene er stien tom for folk. Windisch ser langs husrekken. Han ser slutten på gaten. «Amalie må komme,» tenker han. I graset står det gjess. De er hvite, som Amalies hvite sandaler.

Tåren ligger i skapet. «Amalie har ikke fylt den,» tenker Windisch. «Når det regner, er hun aldri hjemme. Hun er alltid i byen.»

Stien beveger seg i lyset. Gjessene seiler. De har hvite duker på vingene. Amalies snøhvite sandaler går ikke gjennom landsbyen.

Hovudkarakteren i boka er møllaren Windisch og det er gjennom hans auge vi ser landsbyen og folka i han, ser kvardagsliv, misbruk, overgrep og korrupsjon. Vi er i Romania, blant den tyske minoriteten som under Ceauşescus styre flykta frå landet, ei etnisk gruppe også forfattaren sjølv tilhøyrer og har skildra i fleire bøker.

3 kommentarer:

thauke2 sa...

Eg kjenner meg svært godt igjen i det du skriv; har strevd med å få tak på 'Hjertedyr', men har ikkje vore konsentrert nok i lesinga så langt.

Aina sa...

Eg trur ein må vere i rette modusen. Vaken, roleg, ha tid til å lese samanhengande ei stund, konsentrert, tolmodig. Kan tenke meg det kan passe i ein høveleg sval hage ein ettermiddag om sommaren, noko kaldt i eit glas med isbitar på eit lite bord ved den gode solstolen, mørke nok solbriller, heime åleine i nokre stillferdige timar. Ikkje trøytt.

Frøydis sa...

Jeg skal snart begynne på Mennesket er en stor fasan i verden, hittil har jeg bare lest Reven var alt dengang jeger. Det er en av de fineste bøkene jeg har lest. Virkelig. Jeg brukte noen måneder mens jeg leste andre bøker ved siden av, men det er den jeg husker best :)