29. juni 2010

Eit eige rom med utsikt

Kanskje treng ein faktisk eit eige rom for å verkeleg kunne skrive. Særleg om ein er i eit hus med fleire andre. Eit rom å setje seg ned i, ved eit gammalt bord ein har drege ned frå låven, ved eit vindauge med utsikt oppover markene. Eit rom med gode kjensler, eit rom besteforeldra dine låg i, eit rom med gammaldags tapet og brurebilete i svart-kvitt. Eit rom med skråtak og potteplantar, jesusbilete, blondegardiner og ro. Eit rom sola skin inn i, og varmar, eit rom som luktar av gras gjennom glipa i vindauget.

7 kommentarer:

Akeleiedamen sa...

ja-!

Elin sa...

Det ser virkelig ut som et rom som kan gi deg inspirasjon!

Silje sa...

Stort bedre ramme må det vel være vanskelig å finne. Flott tapet!

Ingrid sa...

Eit eige rom med utsikt het bloggen som Olaug Nilsen i sin tid hadde. Rommet ditt ser aldeles fantastisk ut. God sommer!

Elen Fossheim Betanzo sa...

I love it!

Aina sa...

Eg elskar det også! Særleg tapetet! Og Ingrid, stemmer det! Det er nok der eg har frasen frå!

mette sa...

bare tapeten er ei heil bok.