23. april 2010

Verdas bokdag

er i dag! Og eg har feira med å reise på skulebesøk til ein skule i Lørenskog og snakke om Ingen må vite, skriving, lesing og den komande romanen, til seksti niandeklassingar (ispedd nokre åttandeklassingar). Det har vore ein kjekk dag, og etterpå feira eg med å kjøpe nye klede eg forhåpentleg skal bruke når eg skal ta nytt forfattarportrett om ikkje altfor lenge.

Etter ei nokså slitsam og intens veke, både på skrivefronten og andre frontar, gler eg meg til å ta helg og legge meg på sofaen med ei god bok. Vi har enno ikkje funne nokon knall tittel, men vi tenker litt til og viss vi ikkje finn på noko betre går vi for Vegane, sjølv om han på ein måte er brukt før, både av Cormac McCarthy (The Road/ Veien) og Jack Kerouac (On the Road/ Vejene på dansk). Det betyr vel berre at det er ein god tittel, eller...?

Ein idé er å bruke eit fuglemotiv i tittelen, både fordi hovudpersonen er nokså oppteken av fuglar (både som varsel og heilt konkret) og fordi det er ein (om enn noko forslitt) metafor for fridom og fangenskap. Ein annan idé er å bruke namnet hennar i tittelen, eventuelt i kombinasjon med at ho er fange, som t.d. Fange nr. 59: Maria Andersdatter. Eller (som eg liker, men innser at ikkje er lett å hugse for folk): 59. Maria Andersdatter. Taterpige.

Eg har fått mange fine tittelforslag både her i bloggen frå lesarar og frå andre forfattarar via e-post eller liknande, og nyttar her høvet til å seie tusen takk til alle saman for engasjementet! Eg har fått nye tankar i hovudet, så fortset gjerne å idemyldre saman med meg over dette. Eg veit det er vanskeleg når ein ikkje har lese boka og ikkje veit kva hovudmotiva er, men kjernen er Maria sin situasjon som fange og innsett (seinare tenestejente eller 'slave' i hushaldet til prosten), det livet ho lever der og ikkje minst den draumen ho ber med seg om å kome seg ut derifrå, og lengten etter dei andre, folket hennar, alle ho er glad i utanfor, fridomen, sjølve livet.

Eg skal fortsetje å revidere manuset i helga, men skal slutte og tenke på tittel nokre dagar og håpe at han kjem til meg, som ein tjuv om natta (eller det blir vel kanskje feil metafor) eller som eit SYN! Det hadde vore fint.


Bileta har eg knabba frå heimesida til Løkenåsen skole, som eg var og besøkte. 

Ingen kommentarer: