30. april 2010

Å unne seg

Sidan eg har trøbbel med å lese seriøs litteratur (som Herta Müller, Virginia Woolf & co) fordi eg er så oppslukt i min eigen tekst, og fordi eg har jobba så hardt, har eg unnt meg ein pakke i posten.

I pakken låg tre filmar og ei bok, nemleg filmen Enid, med i Helena Bonham Carter hovudrolla, om forfattaren Enid Blyton, som m.a. står bak bøkene om Fem-klubben, - filmen Young Victoria, om dronning Victoria som ung kvinne, truleg eit klassisk (triveleg) kostymedrama, og filmen Coco Before Chanel, med supersøte Audrey Tatou (Den fabelaktige Amelie) i hovudrolla som den verdskjente moteskaparen.

I tillegg har eg bestilt ei ny bok av Jasper Fforde, nemleg First Among Sequels, som er den femte boka i serien om litteraturdetektiven Thursday Next, som ofte hamnar oppi morosame saker i den parallelle verda der alle bokkarakterar er levande og gjerne oppfører seg svært merkeleg, særleg om dei hamnar inn i den vanlege verda (som også er eit slags parallelt univers til vårt, eller universet slik det kunne ha vore om den hadde vunne krigen i staden for den, osb.).

Det er altså snakk om gåver til meg sjølv, frå meg sjølv, forhåpentlegvis noko å kose seg med framover.
Har du unnt deg noko i det siste?

7 kommentarer:

Gunhild sa...

Jeg har akkurat satt pris på deg på bloggen min. Det unner jeg deg :)

Gunhild sa...

Jeg har akkurat satt pris på deg på bloggen min. Det unner jeg deg :)

Midifila sa...

Frisør- og tannlegetime.
Ikkje heilt det same...
Men på høg tid:-)

Aina Basso sa...

Gunhild:
Takk for det! :)

Midifila:
Nei, ikkje heilt det same. Men det må jo til!

ORDFRONT sa...

Hyggelig med premiering til oss begge, Aina - jeg setter stor pris på å bli premiert sammen med din blogg, det må jeg bare si.

Sylvi

heklehatt leser sa...

Å - kan jeg låne filmen om enid når du har sett den? hun var min store helt da jeg leste fem-bökene, men jeg vet ingenting om henne! jeg har unnet meg å slappe av mellom slagene siden jeg er hos svigerfamilie som velvillig passer på babyen...:-)

Aina Basso sa...

Ordfront:
Takk, det var eit hyggeleg kompliment!

heklehatt:
Klart du kan låne! Og takk for e-post, eg har ikkje teke kontakt enno. Det gjeld truleg berre ei setning som eg uansett ikkje er heilt sikker på om eg skal ha med :)