17. april 2010

Titteldugnad

Ok, folkens. Eg treng hjelp!
Det er ikkje det at eg ikkje har kome på titlar til den nye romanen min, det er berre det at forlaget ikkje synest dei er gode nok. At dei ikkje verkeleg speglar innhaldet, kanskje at dei ikkje er slagkraftige nok i eit marknadsomsyn? Så eg tenkte eg skulle høyre om det fanst engasjement og gode idear der ute - kanskje får eg ein god idé frå til dømes deg som løyser heile floken?

Først, litt om boka:

Handlinga føregår i Trondheim kring 1750. Vi møter taterjenta Maria, som er seksten år då ho kjem vekk frå familien sin og blir teken for lausgjengeri og sett inn i Tukthuset til forbetring og opplæring gjennom (straffe)arbeid. Etter eit års tid blir ho frigitt for å gå i teneste hos prosten de Fine. Ho lengtar desperat ut og vekk, til fridomen ho er van med, til reisene, vegane, til den kjære familien sin og til heile livet som finst der ute, utanfor murane. Tanken om å rømme er heile tida til stades, samtidig tek ho seg sjølv i å tilpasse seg det nye livet, knyte band til menneska rundt seg, bli endå litt likare dei andre for kvar dag som går. Vil ho klare å kome seg unna eller blir ho eitt med det nye samfunnet som har innkapsla henne?

Her er eit utdrag frå teksten, i Tukthuset:

Soveloftet er smalt. Det står senger tett i tett langs veggane med fillete ullteppe over halmen. Ho held handa over munn og nase og set seg forsiktig ned på den næraste. Senga luktar vondt, halmen er gammal. Ho skjer ein grimase og reiser seg fort opp igjen. Ho prøver å puste gjennom nasen, byrjar saumfare rommet. Går først til døra, ristar i handtaket, bøyer seg og kikar gjennom nøkkelholet. Det er ingenting å sjå. Smal luft, tørr mot augeeplet. Ho stikk fingeren inn i holet. Får inn begge dei to første ledda, kjenner etter. Ho fingrar ei stund, synest ho kjem borti noko, strekker venstrehanda opp og rykker i handtaket igjen. Nei, døra er framleis låst.


Ho legg seg på huk og kiker innunder sengene. Kryp bortover det ufeide golvet og ser. Det ligg klede og forskjellige personlege gjenstandar rundt omkring i rommet, på golvet, på sengene. Ho rotar i dei, kastar plagga rundt seg, ser mot vindauga.


Ho legg handa mot ei av dei små rutene av kjølig glas. Lener seg heilt inntil og ser ned. Det er eit godt stykke til bakken. Ho røskar i jernsprinklane. Dei sit godt fast. Ho held seg til to av stengene og lener seg bakover med all si tyngd. Ingenting skjer. Ho klatrar oppover veggen med føtene og gjer seg endå tyngre. Stengene rikkar seg ikkje.
Ho trampar ut på golvet, sparkar til ei av sengene så det iler til i stortåa, bannar. Ho dumpar ned på ei av sengene, søkk saman der. Kjenner gråten som ein stein i bringa.

Ok, fyr laus! Kom med forslag!

19 kommentarer:

Kjersti sa...

Kan den enkelt og greit hete "Tukthuset"?

Aina sa...

Flott forslag! Kom med fleire!

Gunhild sa...

Vanskelig, vanskelig. Skal tenke mer. Men et lite forslag: "Fanget". Det virker jo som hun er det på mange plan.

Aina sa...

Det må bli Fanga i så fall, og den tanken har slått meg, òg. Keep 'em coming!

Beatelill sa...

Hva med "Slipp meg fri" eller noe slikt? Jeg tenkte også på en tittel som handler om det å kjempe for å bevare sin identitet, men kom ikke på noe fengende. Lykke til videre :)

Gunhild sa...

Nå har vi drukket vin og diskutert boktitler, historie og livet. Det er noe med "Vilje og motvilje" her (du får stå for nynorsken). Hennes vilje til å beholde opprinnelig identitet, hennes motvilje mot de andre, myndighetenes vilje til å endre henne gjennom straff, hennes motvilje mot straffen, men vilje til å binde nye bånd. Samt ordspillet mot + vilje = motvilje...

Kanskje dette kan gi deg nye spor? Det ga hvertfall oss en fin kveld :)

Midifila sa...

*skyt frå hofta*

Marias vilje
Marias reise
Muren
I drift
Vegar i verda
Fanga i fridom
Eit anna liv

Aina sa...

Takk for mange fine forslag! Eg har fått nye tankar i hovudet, kom gjerne med fleire også, viss de har - eller stem over kva de liker best!

Mettemor sa...

Du har fått mange gode forslag, ser eg. Eg tykkjer noko med 'veg' i hadde passa. Det kan vise til vegar man har gått og skal gå både bokstaveleg og i overført tyding.

Vegar å gå
Marias vegvalg (nei! for patetisk)
Fanga og fri

Lykke til! :-)

Avil sa...

Eg likar "Tukthus" eller "Tukthuset".

Konkret og romleg og avgrensa, og dessutan er både skildringar av personlege eigenskapar og adjektiv like fryktelege i boktitlar.

Aina sa...

Takk for innspel, Mettemor og Avil!
Kom gjerne med fleire, folkens! Det er enno ikkje på plass, eg mailar dagleg med redaktøren min for tida, men vi er ikkje sikre eller einige enno.

Avil sa...

Eg har hatt det ute til høyring på eit forum, og alle likte Tukthus, eller Tuktuhuset, og nokon foreslo Tukt, men ho blir vel ikkje tukta, meir enn ho tuktar seg sjølve, eller korleis skal ein forstå det?

FrodeKommode sa...

Den engelske versjonen bør hete
"The Tukthus Diaries".
"Dagbok fra et Tukthus" klinger kanskje ikke like bra?

"Tukt og Straff" høres jo klassisk ut.

Synes ordet "tukt" bør med på en eller annan måte. Rett og slett: "Tukta"?

Silje sa...

Er det sånn at tittelen "Vegane", som jeg mener du har nevnt tidligere, ikke funker for redaktøren? Jeg likte den, nemlig ...

"Tukthuset" høres også bra ut, forutsatt at det faktisk er oppholdet der som er det sentrale i boka.

Men, tilbake til noe med "veg" i - Hva med "Utveg"/Utvegane"?

Aina sa...

Avil:
Tukthuset funkar kanskje ikkje like godt som berre Tukt, sidan hovudsaka ikkje er sjølve Tukthuset og ho heller ikkje er der heile boka.

FrodeKommode:
Her er du inne på eit forslag eg også har fått frå anna hald, nemleg Tukta. Skriv meg det bak øyret!

Silje:
Redaktøren liker nok Vegane, men forlaget vil ha ein tittel som seier litt meir pang. Kanskje rett og slett PANG er eit godt forslag? ;)

Aina sa...

Ok, der er ei opplysning som nok bør med, som eg har halde litt tett til bringa, utan grunn, trur eg. Maria blir nemleg etter ei stund sett i teneste i hushaldet til ein prost, difor passar det ikkje å kalle boka berre for Tukthuset - sjølv om det er ein flott tittel, spør du meg.

Silje sa...

Jeg syns ellers "lausgjengeri" er et flott ord, bare for å ha nevnt det ...

Jarle sa...

Vegger og vegar. [Veggar og vegar]. Usikker på det er særleg catchy. Men det er vel eit slag tema i boka, ikkje ?
Ein annan variant er jo kanskje: Røter og føter, som spelar på det same, - men det er kanskje litt oppbrukt. -
Eller vert det enda ein "sprø " tittel, som eg mistenkjer marknadsavdelingane for å ha hatt ein forkjærleik for siste åra. Synest i alle fall du må få med det ... poetiske.... Lukke til

Aina sa...

Silje:
Ja, det synest eg, òg.

Jarle:
Eg trur vi prøver å finne ei setning som oppsummerer alt, litt poetisk, rytmisk, samtidig ...fengande! Men kor lett er det? Ikkje lett! Eg skriv tydelegvis ikkje slike setningar, haha.