Det er ti dagar igjen til innspurt.
Desse ti dagane har redaktøren til å lese dei siste 200 sidene av manuset, etter at eg i går fekk ein gladrapport om at han var nøgd med dei første femti. Noko stramming gjenstår, sjølvsagt, men mykje har falle på plass, skriv han. Og eg blir glad og så gira at eg ikkje får sove før natta gryr av morgon.
Desse ti dagane skal eg bruke til andre ting. Til å skrive spaltene mine ferdige, 'kåseriet' om Anders Hovden som skal framførast på Aasen-tunet komande tysdag. Til å lese, eller i det minste skumme, dei siste (research)bøkene det dårlege samvitet mitt plagar meg med. Meir rekk eg nok ikkje før møtet med full manusgjennomgang, side for side, kommentar for kommentar.
Så er det full fres, skal det bli haustbok. Og det skal bli haustbok, det skal! Sjølv om vi ikkje er einige om tittelen - enno. Høyrest det kjent ut?
9. april 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
så utrolig bra! du har jammen tempo, jente! sluttfasen høres energisk og spennende ut. Gleder meg til oppdatering. lykke til.
Takk!
Og i natt drøymte eg at du kom ut med di første bok, eg hugsar ikkje heilt om kva, men det var veldig spennande og lovande! Så stå på, du òg!
Legg inn en kommentar