12. april 2010

Fortwitrarar

Dagbladet.no skriv om 'Twitterpoeten' Helge Torvund eller @2rvund, som han heiter på Twitter, som har tre gongar så mange følgjarar på det sosiale mediet som antal selde av si siste diktsamling. Eg har stor glede av å følgje Torvund, som i tillegg til sine poetiske 140-teikns meldingar, som t.d. denne;

Natta er ei natt av lukter. Eit mørker angar av håret ditt. Sorga i et eple som fell. Eg veit korleis kjærleikens linjer skal teiknast.

- også har faste innslag av #praktisklatin, der han t.d. kjem med meldingar som denne:

'Aut insanit homo, aut versus facit. - Anten har det klikka for fyren, eller så skriv han dikt.'

Om du er interessert i å følgje Helge Torvund på Twitter, eller lese meldingane hans, kan du klikke HER.

Andre forfattarar på Twitter kan du finne t.d. HER eller HER eller HER - ingen av listene har eit komplett oversyn, men slik er det jo berre. Ein kan jo også lage si eiga følgjeliste.

Biletet er knabba frå profilen til Helge Torvund på Twitter. 

3 kommentarer:

Gunhild sa...

Hmm. Jeg er helt, helt ny twittrer og skjønner egentlig ikke stort foreløpig. Men denne mannen ga inspirasjon til å logge meg på :) Hmm. Jeg får gi det litt tid. Takk for tips.

Jorid sa...

Var redd du hadde blitt borte, men så var du her likevel :-)

Aina sa...

Gunhild: Det er vel berre å hive seg utpå!

Jorid: Kjekt du fann meg att, eg var litt rask på labben då eg endra bloggadressa... :)