20. april 2010

Daudlinje: Midnatt

Dei er så dramatiske i forlaget, at dei har sett ei total daudlinje for tittelen til midnatt i kveld. 
Nei då, eg tøysar berre, dei er ikkje så dramatiske. Men daudlinja er der. 
Vi har til midnatt til å bestemme oss for tittel på den komande romanen min, ein romani-roman, ein roman om reisande, eller eigentleg om ei jente som tilfeldigvis er reisande, er tater, og korleis ho opplever den straffa som blir henne tildelt fordi ho er den ho tilfeldigvis er. 

Eg har berre ein tittel som eg meiner kan stå på permen per i dag, og det er Vegane

For ein av reisande slekt er det jo vegane som er sjølve symbolet på fridom, på livet og kulturen. På dromen, som dei seier på romani, på vegen. Eller Latjo Drom, som betyr god veg, eller gjerne også god tur. Så eg tenker jo at det er fint om boka får ordet veg i tittelen, sjølv om Maria ikkje får vere på vegen, men må nøye seg med å drøyme om han, lengte etter han og prøve å finne ut korleis ho skal få til å rømme. 

Så mitt spørsmål til dykk er dette: Kva synest de om Vegane som tittel? Har de eventuelt andre forslag som har noko med 'veg' å gjere, som har ordet 'veg' i seg? 

10 kommentarer:

Mettemor sa...

Eg liker Vegane kjempegodt!

FrodeKommode sa...

"Vegane" er ingen dum tittel.

OK....litt hjernestorming:

"Tuktvegen"
"Tuktens vegar"
"Vegval"
"Vegdraumer"

Aina sa...

Det er fleire som har føreslått noko med tuktvegen - men kva betyr det? Kva er ein tuktveg? Kva skjer om ein går ein tuktveg?

Silje sa...

"Drømmen om drommen og livet på rømmen"
(tjihi!)

Vidar Kvalshaug sa...

Vegane? berre Cormac i mitt hovud. Kva med å gje det litt meir kjøt?
T.d. "Vegen ut" tenk om det hadde vore engelsk? Nowhere road, sjølvsagt.
Kva mned å kalle han "Nowhere road"? Det er jo eit framand språk hos hovudpersonane?
Den meir underfundige:
Vegen skal ikkje nokon stad
Jenta langs vegen (skummel?)
Ta meg til ein annan /betre stad

Kanskje ikkje noko av dette kan brukas, men eg likar at det er ei utsegn, ein lovnad i ein romantittel.
Spent på å høyre kva det blir. Gler meg til å lese.

Mettemor sa...

Kva med På veg ein annan stad, då?

Aina sa...

Silje:
Nydeleg! Men funkar dessverre ikkje like godt på nynorsk.

Vidar:
Takk for tankemyldring. Har tenkt m.a. på Vegen ut eller liknande, men det har ikkje sagt skikkeleg pang enno. Det står fast, rett og slett.

Mettemor:
det er også eit slikt forslag som liknar dei eg har tenkt på. Ein veg ut, Vegen ut, På vegen - men problemet med alt med veg å gjere er at det jo ikkje eigentleg handlar om noko som skjer på ein veg, men ein draum om ein veg. Men er det eigentleg eit problem, spør eg meg? Bøker heiter jo så mangt (rart). Eg kan nemne i fleng.

kristine sa...

Hvorfor ikke bare kalle den "Ein draum om ein veg", hvis det er det den handler om.

mbfjord sa...

Hva med Latjo Drom?

Sexy Sadie sa...

Den gode veien tror jeg ikke blir så veldig populært blandt de reisende nei.