14. mars 2010

Solnedgang over Roma

Det snør og snør. I skrivande stund har det snødd uavbrote i fleire dagar. Det er nærast umuleg å bevege seg ute. Folk går gjensnørte forbi. Ein ser berre nasane deira, vottekledde armar, som pendlar, tunge skritt over upløgd veg.

Men det er heilt i orden. For akkurat no, når du les dette, er eg ikkje i dette kalde vinterlandet lenger. Akkurat no er eg ein stad i vakre, vårlege Roma. Kanskje har eg nettopp vakna og strekker kroppen i senga. Kanskje fell sollyset skrått inn gjennom vindauget i leilegheita eg har budd den siste veka, kanskje luktar det fersk kaffi i huset, kanskje mjauar ein katt i den vesle blindgata utanfor. Kanskje tek eg frukosten på ein av dei små kafeane eg har oppdaga i nærleiken. Kanskje drikk eg akkurat no ein caffe latte, medan eg riv små bitar av ein croissant og puttar fråverande i munnen. Kanskje har eg på solbriller og sit på ein piazza. Kanskje har eg fått frekner.

Eg trur bestemt at det ikkje regnar. Det er heller ikkje kaldt, tvert om er det sol og mjukskap og fargar overalt. Vi har vore i Colosseum. Vi har sett gammal og ny kunst, besøkt kjølige, vakre kyrkjerom, vore i Vatikanstaten og Peterskyrkja. Vi har kasta myntar i Trevifontena. Éin mynt betyr at du vil kome attende til Roma, med dei neste kan du ønskje deg hemmelege ting. Eg har ganske sikkert ønskt meg noko hemmeleg. Kanskje har eg smilt for meg sjølv etterpå og vi har gått for å kjøpe ein gelato med tiramisusmak, for det er det beste som finst.

Vi har sett solnedgangen over byen frå Pincio- eller Palatinerhøgda. Vi har vore i Pantheon, i ruinane av Forum Romanum og vi har besøkt den vakre Villa Borghese. Kanskje har vi teke med ei flaske vin opp på takterassen og sett sola gå ned også derifrå.

Tilbake i den verkelege notida, altså skrivande stund, lengtar eg vilt etter å reise. Eg har lada opp til turen lenge. Eg har lese oppatt Jenny, den fine romanen av Sigrid Undset, som mellom anna skildrar norsk kunstnartilvære i Roma ved byrjinga av 1900-talet. Det var slik eg skjønte at ein må sjå sola gå ned over byen:

- Skyer utover vesthimmelen, tett i tett som små lysegrå lam. Og de fikk glødende, ravgylne kanter av solen, som sank bakom. (…)


En vid slette av hustak lå under ham i dalsøkket - et mylder av takene på huser som var gamle og nye, høie huser og lave huser - (…) Og hele denne verden av urolige linjer, der løp på hinannen i tusenvis av hårde vinkler, den lå stivnet og stille under den bleke himmel, hvor en usynlig, synkende sol tendte en og annen liten lysrand i skyenes kanter. Den lå og drømte under en fin, hvitlig tåkedis, hvori der ikke blandet sig en eneste levende, travel røksøile. (…) Der lå grågul lav på de rustbrune gamle taksten, og der grodde grønt og små busker med gule blomster i vannrennene, og på terassene stod døde og stille agaver i urner langs kanten, og utfor gesimsene falt der slyngplanter i stille og døde kaskader. (…) Og over det hele svevet kirkekupler, masser, masser av kupler

Og eg har sett filmen Roman Holiday frå 1953, med skjønne Audrey Hepburn og ikkje heilt sympatiske Gregory Peck. Eg har sett dei danse ved Tiberen, med lysgirlandrar over hovuda, køyre femtitalsskuter gjennom femtitalsgater og kysse kvarandre i heftige femtitalsomfamningar.

Så eg føler meg klar. Førebudd på det meste. Både alt som er godt og alt som er endå betre.


Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 12. mars 2010

5 kommentarer:

Anonym sa...

Var det betre enn best i Roma? Eg reiser til Spania om ei lita veke, og satsar på vårkjensle.

Aina Basso sa...

Ja, betre enn best. Men det er nok Spania, òg! Kor i Spania? Ikkje Barcelona, håper eg, for der driv det visst og snør om dagen (men når det er sagt har det nok smelta til neste veke).

Roma hadde ustabilt vêr. Varmt i sola, kaldt i regnet, som det heiter.

Aina Basso sa...

(Glad eg hadde med ull, kunne godt hatt meir. Og støvlettar. Og tynn kåpe til kveldane og regnet.)

Avil sa...

Eg skal vere eit par dagar i Oslo først, og så rett til Spania utan å pakke om. Er eg uheldig, blir Oslokofferten mest brukt.

Aina Basso sa...

Oslo? Kanskje vi rekk å møtest? Eg reiser 23. mars.