17. mars 2010

Å lese, å skrive

Kva skal ein lese når ein er i denne heilt spesielle fasen av skrivinga, der ein er så inntrykksvár og lett påverkeleg?

Nokre les ingenting medan dei skriv, for å ikkje late seg påverke eller distrahere av andre sine tekstar. Eg klarer ikkje å fullstendig late vere å lese eller ta imot stimuli, men eg merkar at nokre bøker er betre for meg enn andre. Eg kan lese bøker som er svært forskjellige frå det eg sjølv skriv på, særleg kva gjeld stil, språk og sjanger. Eg kan ikkje lese nokon eg ser veldig opp til eller som det er litt for nærliggande å samanlikne seg med. Nokre bøker må difor ligge. Men krim går bra, Knausgård går bra, det er så ulikt, elles kjenner eg at eg må vere varsam. Det er så skøyrt, det er viktig å halde fast ved det, behalde balansen, trua.

6 kommentarer:

Lille søster sa...

Når jeg skriver dikt, når jeg er i en periode der jeg skriver mye, kan jeg bare lese en eller to lyrikere, og da nettopp noen jeg ser opp til, noen som inspirerer. Å lese andre forstyrrer. Kanskje er det annerledes med prosa, kanskje det da er lurt å lese noe som ligger langt fra måten du skriver på selv, som du sier.

Aina Basso sa...

Det kjem litt an på kor eg er i prosessen. I byrjinga, før det har teke form, kan eg lese kva som helst og gjerne slikt eg strekker meg etter. Men no, mot slutten, kjenner eg meg skøyrare og meir var. Eg er redd for å miste motet, på eit vis. Rote meg inn i dårlege tankar.

Anonym sa...

Eg har også lese Knausgård fordi det ikkje er fare for påverkning, men etter fire bøker er kampen over for min del. Krim er eit godt tips, no som det snart er påske.

Aina Basso sa...

Eg har fått fjerde boka frå biblioteket, tenker eg ventar til påskeferien med henne, og så blir det nok noko krim. Har mykje godt og gammalt i hyllene. Einaste dumme er at dei ofte er svært føreseielege ang. kven mordaren er. Ikkje intrikate nok, altså. Det er alltid skuffande. Eg liker å bli teken på senga, er nok difor eg har lese så mykje Agatha Christie.

Eg kjenner at to av bøkene eg held på med, Virginia Woolf - The Waves og Jan Roar Leikvoll - Fiolinane, er litt skumle påverknadsmessig. Men kanskje den skøyre kjensla går over. Kjenner meg allereie sterkare, hehe.

Bharfot sa...

Jeg er motsatt, leser gjerne ting som ligger nært opp til det jeg selv vil få til. Leser kanskje et kapittel før jeg begynner skrivedagen, for å komme i rett stemning, og deretter: gjøre det selv. Hvorfor skal jeg være redd for påvirkning, så lenge det er i en retning jeg ønsker å gå i? Tvert imot, de setter meg i rytmen, og så er jeg i gang.

Aina Basso sa...

Kva les du, då, til dømes?