5. februar 2010

Utdrag frå ein poesiroman

eg vil ikkje sitte på ein benk i hagen
og huske på før i tida.
sitte med strikketøyet og tenkje
på då du var liten. eller
då du var i magen min.
benken har avskala kvitmaling ytst
på endane. men god svai i ryggen.
krukker med begonia og avlange kasser
som det heng blomkarse frå.
kaffekjelen på ei helle ved sidan av.
katt har eg også.
og strikketøy. spøtet mitt.
tidleg morgon i juni, litt solskin.

Frå poesiromanen Maria av Marit Kaldhol (1985).

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Poesiroman? Så fint!

Hilde sa...

Spennande sjanger!
- Og om ikkje det stod at det var Marit som hadde skrive det nederst, hadde eg heilt klart trudd det var deg.
Dette må jo vere ein framifrå sjanger for frk. Aina Basso?

Aina Basso sa...

Lille søster:
Ja, det hadde vel vore noko for deg?

Og kva med deg, Hilde? Noko for oss alle tre, kanskje?

Hilde sa...

Ja, lat oss!

Gunhild sa...

Det var så fint at jeg måtte kjøpe den. Godt med antikvariater. Takk!

Bai sa...

Denne fekk eg lyst til å lese. Takk.

Aina Basso sa...

Kjekt å høyre! Les!

Lille søster sa...

Ja, jeg tror absolutt det er noe for oss!