22. februar 2010

Splittet Kjerne 7

Ein veldig fin fyr som heiter Mikkel Øyen har teke initiativ til ei heilt eiga litterær greie, som han kallar for Splittet Kjerne, og som ganske enkelt går ut på at han inviterer etablerte og uetablerte forfattarar til å bidra med eit par tekstar, som deretter hengast opp på veggane og opplesast heime i stova hans på Hovseter, i tillegg til at dei trykkast i eit fint hefte ein kan ta med heim. I helga bidrog eg med med nokre dikt, ein annan ung forfattar frå Samlaget var også med, Rune F. Hjemås. Tidlegare har også andre unge forfattarar vore med, som Mette Karlsvik, Hilde Myklebust, Lars R. Engebretsen, Audun Mortensen og Hege Siri, for å nemne dei eg kom på i farta.

Her er dikta mine.

I


graset er sterkt, vått
lyden av strå slitast
mot skotuppane


nede ved moloen ligg ein sandflekk og lyser
eg finn ein sti, går ned til han
først over rullesteinane i fjøra
så ned på den tette sanden


avtrykka er svake, grunne


II


ute på neset raser sandjorda i havet
eg klyv opp på steinen
høgspentmastra durar
ein gong stod ei trehytte her
bygd av gutehender og vassgrå treplankar


eg legg hendene mot den skitne ruta
ser inn i halvmørkret:
ein nuppete sofa
ei trekasse med blomstra duk
ei soloflaske fylt av sand


III


havet står midt imot
vaiar ein strandnellik i ei tue, stuper ein måse lenger utpå
naglen pirkar ruren
ser ikkje, berre har blikket
der
framfor meg


eg kastar ein stein i sjøen
krabbeskal, fiskehovud, skjel
det eg finn


døgeret er to strekar
den eine stig sola opp frå


IV


nausta lener seg
med rustne blekktak
med spekte, makketne veggar


eg sit i skuggesprekken mellom to
ser fiskarar og båtar
ser sola, fjøresteinar, bårer
held krabben i handa
svart og glinsande
kjenner klørne mot huda
havkulda


V


måseskrik
kakking frå fiskebåten
på veg mot hamn
kviteblonda i kjølvatnet


eg står på kaia med handa til panna
når han rundar neset set eg på potetene
dette har kvinner gjort til alle tider

Illustrasjonen er tjuvlånt frå Splittet Kjerne 5-eventen på underskog.no og er meisterleg samansett av ein eg ikkje finn namnet på.

4 kommentarer:

Avil sa...

Eg blir litt stum. Så eg nøyer meg med: <3

*ordlaus*

heklehatt leser sa...

dette høres ut som noe jeg tenkt meg å være med på en gang! kanskje skrevet noe selv. og ikke minst: hørt deg lese diktene dine.

Aina Basso sa...

Avil:
<3

heklehatt:
Ja, dette kunne du veldig godt ha delteke på! Eg skal sikkert også vere med ein gong seinare, med nokre andre tekstar.

Bai sa...

Eg kjenner at eg lengtar etter havet, når eg les desse dikta. Dei er gode.