19. februar 2010

Eg finn ikkje Kampen

Eg har lese ut det tredje bindet av Knausgårds kamp, og er overraska over å ikkje vere møkkalei. Eg var nemleg det, litt lei altså, av og på gjennom heile dette tredje bindet. Vekselvis lei og framleis interessert i å lese.

Eg var lei av ting som også andre har sett ord på: at han heile tida bruker det same blikket i skildringane sine, at det er det same, frå bind til bind, at det blir veldig langt og likt, og at det i bind to og tre eigentleg ikkje hender noko. Det er trivielt, og særleg bind tre har, i tillegg til ei klassisk kronologisk oppbygging, ikkje noko nemneverdig nytt å tilføre om livet som barn, som vi ikkje har lese i andre bøker før denne. Ikkje er faren så frykteleg tyrannisk, heller. Eg ventar heile tida på at dette gruvsame som det heile ber bod om skal hende, men så langt har det ikkje gjort det. Eg spør igjen: Kor er Kampen?

Det er også blitt nemnt at Min kamp reduserer dei to første romanane hans, Ute av verden og En tid for alt, ved at dei viser kor tett opp til hans eigen sjølvbiografi det heile er. Kan han ikkje skrive om noko anna enn seg sjølv?

Samtidig vil eg lese vidare. Det er gjenkjenneleg, det er godt skrive, men det er også pinleg avslørande. Eg ville aldri ønskt at nokon skulle vite alt dette om meg. Eg lurer på om Knausgård er klar over alt han avslører om seg sjølv, kva dette faktisk vil gjere med han etterpå. Eg lurer på kva konsekvensar dette vil få, for han, både som forfattar, menneske, medmenneske, venn, far, ektemann, bror, onkel, svoger.

Uansett er dette noko som skjer i litteraturen i dag, som eg kjenner at eg vil ta del i. Som alle samtalar i alle litterære settingar på eitt eller anna tidspunkt kjem inn på, på eitt eller anna vis. Ofte med ei blanding av innvendingar og ros, på same tid. Så får avstanden ettertida gir fortelje om det var verdt alt oppstusset eller ikkje. Gløymt blir det iallfall ikkje med det første.

5 kommentarer:

thauke2 sa...

Kjenner meg godt igjen i den ambivalens du beskriver, og jeg tror jeg må legge inn pauser mellom hvert bind inkludert andre tekster . Har da heller ikke begynt på bind tre ennå - og markedsføringen av bind fire, der forlaget får VG og Dagblaadet på kroken med 'løfter' om ekstreme skildringer, øker ikke min appetitt, men det gjør selvsagt hele prosjektet enda mer apesielt. Det du nevner om faren, at han egentlig ikke framstår som veldig tyrannisk, fikk meg til å minnes reportasjen 'Forsvar for en død mann' av Simom Sætre i Morgenbladet nylig. Leste du den?

Aina sa...

Ja, eg las den reportasjen, og av ein eller annan grunn opplevde eg den som nesten meir ubehageleg enn bøkene. Kanskje fordi den namngav ein del anonymiserte personar i boka, viste bilete av hus og stadar... eg veit ikkje. Eg reagerte iallfall med ambivalens, der òg. Sjølv om hensikta kanskje var å vise ei anna side av saka, eit forsvar.

Eg skal sjå korleis det kjennest å ta ein pause ei halv veke framover, kanskje roar dette suget seg, akkurat no kjennest det verkeleg som om eg er midt inne i ein fascinerande roman som eg er blitt tvungen til å legge frå meg. Og det er jo akkurat det eg er.

Hilde-Gunn sa...

Jeg har kommet midtveis inn i første bind av kampen, og der la jeg boka fra meg. Han skriver jo så bra, Knausgård, men det blir for utleverende for meg. En ting er at han utleverer seg selv, for det er den bra delen. Der han filosoferer over livet. Men der andre også skal utleveres.. Nei, der må jeg melde pass. Jeg ønsker rett og slett ikke å lese om livene til disse menneskene som aldri ba om å få bli del av noen roman.

Anonym sa...

Kjenner også igjen ambivalensen. Alt som står skrive om Knausgård andre stader enn i bøkene (også av og til der), vekker ei slags avsky i meg. Det gjeld også det å snakke om han. Vil, vil ikkje.

Lindkvist sa...

Men jeg skjønner ikke at det at noe er selvbiografisk i seg selv skal være reduserende for litterær kvalitet. Det er da veldig underlig. Hvis det står seg litterært så er det vel irrelevant om forfatteren har opplevd det eller ikke. Nå tror jo jeg at om man etterspør troverdighet kan nettopp et snev av selvopplevdhet øke det. Men det er jo ikke slik, bør ikke vær slik at det i seg selv er negativ. Altså i forhold til de to første romaenene hans.