25. februar 2010

hår

overalt finn du hårstråa mine

i sokken din
i jakkelomma
i kroken bak sofaen

tova til små håredderkoppar
i dei nyvaska kleda

om eg nokon gong forsvinn
veit du kor eg var

5 kommentarer:

Anita sa...

Så fin!

Unknown sa...

Enig:)

Aina Basso sa...

Takk, Peter!

Mette Moen Baatvik sa...

Haha, så sant. Det er fem år sidan min kjære katt Sofus døde. Han var rød, langhåret, halvt skogskatt. Fortsatt kjem eg over gamle tepper ol som har lodottar etter han. Litt rart og litt fint.

Aina Basso sa...

Ååå. Slikt har eg høyrt om. Vondt og godt.