31. januar 2010

Midt i kampen

Foto: Aschehoug Agency
Eg har problemer med å legge frå meg Karl Ove Knausgårds Min kamp, og er no komen midt i bind 2. Det er som dop. Og som dop er det både deilig og urovekkande, og ja, kanskje også farleg.

Eg registrerer korleis Knausgård med berre ei einaste velretta, malisiøs setning kan avfeie ein heil forfattar(skap). Der han kunne late vere å nemne namn fordi han berre har ein svært negativ karakteristikk å kome med om vedkomande, nemner han både namn og kjem med sin negative karakteristikk. Eg forstår at folk reagerer. Nokre vil kanskje seie at det er ei ære å i det heile bli omtala. Eg veit ikkje heilt. Knausgård er berre ein mann, tilfeldigvis ein mann som er flink til å skrive. Berre fordi han kjenner for å nemne namna til diverse personar han anten liker eller ikkje liker bør det ikkje ha noko betydning utover han sjølv, hans eigne oppfattingar, hans eiga røynd.

Eg tenker på bakgrunnen, behovet, for å skrive dette varsla seksbindsverket. Var dette noko han måtte skrive av seg for å kunne fortsetje å dikte? Stod hans eige liv og hans eigne erfaringar så i vegen for litteraturen at han ikkje klarte å omgå dei, og dermed tok dei til sin yttarste konsekvens? Er det som dop, å utlevere, å bekjenne alt dette?

Og eg undrar meg over årsaka til tittelvalet. Når eg no har lese første og halve andre bind av Min kamp, ser eg absolutt at Knausgård framstiller seg sjølv som ein plaga gut og seinare mann, med ein tyrannisk far, med eit yttarst komplisert sjølvbilete. Men er det ein større kamp han har utkjempa enn det kven som helst andre i ein liknande situasjon har gjort? Som kanskje endåtil ikkje har opplevd den store suksessen Knausgård har, men som har levd sine små liv, eller verre: gått til grunne i dei?
Har kampen enno ikkje kome? Kjem han i bind 3 og utover?
Og korfor denne openberre referansen til Adolf Hitler? Samanstilt med "jeg er ikke nazist, men jeg liker det brune", som han skriv i bind 1, kan det ikkje anna enn å vekke ein lett kvalme i meg.

Dette tenker eg på. Mellom anna. Og medan eg tenker over dette lett ubehagelege, lét eg meg leie vidare inn i irrgangane i det knausgårdske sinn. Ein kan jo ikkje anna enn å kjenne sympati for mannen. Under alt det plaga, alt dette sjølvproklamert kjempande, verkar det å finnast ein god mann. Diktar-eg-et er iallfall sympatisk framstilt. Så får kvar av oss velje sjølve om vi tek det han skriv som god fisk eller ei.

10 kommentarer:

Anonym sa...

Visjonen har vel vore å kome så nær kjernen i livet som mogeleg, ikkje berre i Knausgårds eige liv? Me kjemper vel meir eller mindre ein kamp alle saman.

Du seier at han kan avfeie ein heil forfattarskap med ei setning? Den mest forsvarslause i desse romanane er vel hans eigen far. Men sjølv i den harde skildringa av faren synes eg at det ligg noko forsonande. Blant anna skriv har ein stad i bind 1 at han trur alle menneske er født ulike og så blir me meir og meir like etter kvart. Om ein drar det litt langt så seier han kanskje at han var fødd sårbar. Det er jo auga som ser. Om me hadde spurt broren eller mora om kva slags syn dei hadde på faren, ville det vel blitt eit anna? Det legg han vel heller ikkje skjul på. Og slik er det vel med alle dei som skulle vere så heldige/uheldige å bli nevnt i ei setning eller to? Iallefall les ikkje eg min kamp som at alt han skriver er rett og at alle meiningane hans er rette. Det er jo ikkje alltid han likar det han tenker eingong. Sånn er det vel med oss alle, me tenker og meiner noko om mangt, men å ytre det er noko anna. Om det er Knausgård eg les om kan vel vere det samme, det kunne vore kven som helst. Kanskje det er ønsketenking frå mi side.

Dette blei langt og tutlete. Takk for fin blogg iallefall!

Aina sa...

Eg opplevde også skildringa av faren som dels forsonande. Eg tok meg sjølv i å lure på kva farens historie var, korfor han var så plaga. Samanstilt med 'Ute av verden' kan ein kanskje lage seg ein slags forklaringsmodell, men slike modellar har jo ikkje verdi utanom for meg sjølv - ein må også tenke at dette ikkje er _sant_. Faktisk opplevde eg ei stund skildringa av faren som så forsonande at eg ikkje såg det tyranniske godt (nok). Der er få verkeleg vondskapsfulle episodar skildra, men det ligg heile tida under, også tanken om at dei kan vere fortrengte.

Der reagerte eg meir på skildringa av farmora, som eg opplevde som meir forsvarslaus. Kor trist var ikkje det. Ein har nok større rom for å avfeie ei utleverande skildring av ein far eller ei mor enn av ei stakkars, gammal, halvdement bestemor.

Når eg skriv at eg opplever Knausgård/ eg-et som sympatisk, ligg det mellom anna i denne dobbeltheita, dette tvisynet på han sjølv, det han er, det han gjer og meiner, som du trekker fram.

Og takk for at du liker bloggen.

Lille søster sa...

Veldig bra innlegg. Jeg grugleder meg til å fortsette på bok nummer en når det blir min tur. Kjenner meg veldig godt igjen i den ambivalensen du beskriver. Men jeg lurer på om jeg må ta en lang pause mellom bøkene for ikke å få overdose.

Aina sa...

Eg trudde også eg måtte det, men eg har ikkje kjensla av overdose enno, og har no lese 700 sider kampsak. Faktisk må eg tvinge meg sjølv til å lese det eg eigentleg skal lese no, research-litteraturen. Det er Knausgård som freistar.

Anonym sa...

Hvis alle skulle utlevere andre på den måte Knausgård gjør, ville verden ramlet sammen. Hva skal man med så mye ærlighet? Prosjektet er dypt interessant, samtidig som det er hensynsløst. Det er ingen tilfeldighet at disse bøkene kommer nå. De sier mye om vår tid; reality-tiden, den heseblesende orienteringen rundt jeg-et. Jeg synes de er vilt interessante. Jeg skjønner godt at du ikke kan legge dem fra deg. Det kan ikke jeg heller. Men jeg vet ikke om jeg liker dem, tonen i dem, likevel. Jeg bare leser dem som besatt, som om de handlet om meg selv.

T.

Aina sa...

Eg kan ikkje seie anna enn at eg er veldig einig i alt du skreiv no, T.

kvilelaus sa...

Den første boka hans, Ute av verden, var knallbra, syntest eg. Eg hugsar ikkje kvifor. Den andre boka var keisam. Heller ikkje om denne hugsar eg kva som avgjorde det for meg. Synd for forfattarane at ei dårleg lesaroppleving – kanskje eit feilskjær – skal øydeleggja heile forfattarskapet. Sånn har eg det med fleire. Knausgård og eg kan leva fint utan kvarandre.

Little Man From Another Place sa...

Men treng han skrive dette etter "Ute av verden"? Eg er litt i stuss om eg skal gidde lese "Min Kamp". Men det du skriv her, triggar interessa!

Aina sa...

For meg er 'Min kamp' meir interessant enn 'Ute av verden', delvis fordi dette faktisk handlar om røynda, det som er verkeleg, og ikkje glir ut i laaaaaaange fabuleringar om alterantive univers eller historieforløp.

anette sa...

"Livet er en gamp, sa kjerringa, hun kunne ikke si k"

den setningen sier bestemoren til knausgård utallige ganger gjennom hele bind en og to, hvor jeg er kommet nå. Og det er jo det han skriver om. livets kamp.

med sitt eget liv som utgangspunkt(naturligvis), kaller han boken Min kamp. men det er samtidig vår alles kamp han skriver om. og den ærligheten han legger i det tror jeg er grunnen til at boken er blitt så populær; det er mange som kan kjenne seg igjen, for livet er en kamp.