29. januar 2010

Mellom tradisjonane

Eg opplever litteraturen som grovt sett delt inn i to tradisjonar.
Den eine er den store, handlingsmetta, som ikkje går av vegen for å breie seg ut, ha eit allvitande perspektiv, forfølgje store og små trådar.
Den andre er den finstemte, ordknappe, den kortfatta, pregnante, lyriske.

Sjølv liker eg bøker innan begge tradisjonar. Spørsmålet er kva som ligg for meg. Kva vil eg forsøke å skrive? Skal eg forfølgje kvar minste tråd eller skal eg prøve å forhalde meg nokolunde kortfatta og forhåpentleg lyrisk?

For ein må vel velje?

5 kommentarer:

Thomas sa...

Hvis du, og nå vet jeg at folk jo sikkert har Knausgård i halsen (iallfall fram til slutten av februar), men hvis du leser hans andre roman, 'En tid for alt', vil du se at det går an å ikke velge. Det vil si, at det går an å gjøre begge deler.

Aina Basso sa...

Eg trur ikkje eg var heilt klar på kva eg meinte med tradisjon nr. 2: 'En tid for alt' er vel ikkje akkurat kortfatta, eller? Meir lyrisk og storslått? Alternativ 2 er meir Tomas Espedal, eigentleg.

Thomas sa...

Ja, men da forstår jeg hva du mener. Kunne man for eksempel passe Ørstavik inn i den kategorien?

Aina Basso sa...

Ja, ein kan kanskje det. Eg har ikkje lese nok av henne til å vere heilt sikker.

Aina Basso sa...

Eg tenker vel meir på forfattarar som Espedal, Fosse, Askildsen, Aanestad, Bråtveit, Myklebust, Karlsvik, for å nemne nokre.