1. januar 2010

Megaloman(n)en

Forfattaren som ung mann

Den tilsynelatande grenselause sjølvforakten til Henrik Vankel har likevel ei grense. Den grensar til røynda og klarer ikkje ta inn i seg det som burde vore Vankels verkelege og rettmessige sjølvforakt: Overgrepet han utøver mot ei tretten år gammal jente som er hans elev. Han ser ikkje seg sjølv som ein skammeleg pederast, snarare er han 'umogen' i sin kjærleik og skammar seg meir over kva kompisane ville synest om at han hadde ei slik ung dame, heller enn det moralsk forkastelege og regelrett ulovlege i hans handlingar.

Ute av verden er Karl Ove Knausgård sin debutroman og er sanneleg eit oppsiktsvekkande debutarbeid på mange måtar. For boka blei Knausgård tildelt Kritikerprisen, som første debutant nokosinne. Det er ein koloss av ei bok, og sjølv om ho i stor grad er fengande og spennande å lese, flyt ho tidvis ut i lange - og etter mitt skjønn - uvedkomande fabuleringar. Nokre av desse fabuleringane er interessante å følgje, og vitnar om ein fantasifull forfattar, medan andre rett og slett kjedar meg, særleg den lange passasjen om ein parallell røyndom heilt mot slutten av boka, der sidetalet allereie har passert 600 og lesarens tolmod byrjar å bli noko tynnslite, særleg sidan denne passasjen for meg verkar fullstendig uvedkomande både for karakteren Henrik Vankel og boka si øvrige handling, i sine lange utlegningar om den parallelle røyndas Kant og Dante.

Den første delen av boka er etter mitt skjønn den beste og mest interessante. Om boka hadde vore kutta til omlag det halve, kunne ho likevel fortalt ei interessant og gruvekkande historie, men halde betre på merksemda til lesaren. Det verkar som om forfattaren hadde samla opp allslags tekstar og ikkje minst skildringar og gjerne ville ha flest muleg av dei med på ein gong. Når det er sagt skriv Knausgård godt, stundom eksepsjonelt godt, og har ein del skildringar som er veldig gode, i tillegg til eit stort riksmåls-vokabular (han skriv endåtil 'Svartedøden'. Det har eg aldri sett på trykk tidlegare).

Eg kjem sjølvsagt til å fortsetje å lese Knausgård, men akkurat no er denne lesaren litt lei, og kjem iallfall ikkje til å ta fatt på En tid for alt med det aller første.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Takk. No forstår eg kvifor eg ikkje las meir enn 400 sider av Ute av verden. Vart lei, men eg likte altså fyrste delen godt.

Simson sa...

Interessant at de fleste ser ut til å like første halvdelen av boka best (skrev også dette i en kommentar før jul).

Den andre halvdelen virker jo egentlig mest selvbiografisk - og uten å ha lest Min Kamp innbiller jeg meg at den er en liten opptakt til denne.

Men ut fra alt jeg har hørt om Min Kamp, håper jeg den ligner mer på første halvdel av boka.


En helt annen sak:
Liker at du ser ut til å lese nesten utelukkende norsk litteratur. Å lese mer av norske navn er et mål jeg har, men som stadig snør ned etterhvert som jeg fristes av utenlandske forfattere.
Kunne du skrevet noe om tankene dine om dette? (Mulig du har gjort det før, har bare fulgt bloggen din de siste to-tre månedene)