27. januar 2010

Eg vil leve eit vilt og poetisk liv

Litteraturhuset baud i kveld på litterært meistermøte mellom Tomas Espedal og Ole Robert Sunde, to forfattarar eg ser opp til med god grunn. Dei var endåtil så vågale at dei ikkje brukte intervjuar. Og det var kanskje like greitt, så fekk samtalen ta sine eigne ustyrlege vegar, nesten til den grad at vi trudde vi lytta til ein privat diskusjon.

Kva eg sit att med? At Tomas Espedal bryr seg mest om arbeidet, handverket, språket, medan Ole Robert Sunde legg mest vekt på tenkinga, teorien, filosofien bak teksten.
Og med dette:

- eg vil også vere eit vilt begrep
- eg vil også leve eit vilt og poetisk liv
- eg vil også lytte til skoa til ein farao, som om dei var konkyliar

3 kommentarer:

heklehatt leser sa...

Jeg også!

Unknown sa...

Misunner deg å kunne svippe innom Litteraturhuset når du måtte føle for det!

Aina Basso sa...

Det er det fine med å bu i Oslo. Det har sine fordelar.